Albert Karsten Myhrwold () var ein norsk forstmann frå Moss.
Myhrwold hadde ymse stillingar før han i 1896 vart skogbrukslærar på landbruksskulen på Ås i Akershus. Frå 1914 professor i skogbruk ved Noregs landbrukshøgskule.
Myhrwold la grunnlaget for høgskule-opplæringa i skogbruk i Noreg. Han skreiv artiklar om skogsaka i fagtidsskrifta og i dagspressa. I all si verksemd talte han for eit ordna skogbruk som tenkte langsiktig.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958
Kategori:Norske forstfolk Kategori:Folk frå Moss