mini|Jesus freista av djevelen. Måla av Ivan Kramskoj (Kristus i ørkenen). (omsett «Vik, Satan», «Gakk burt, Satan» eller «Vik bak meg, Satan») er dei fyrste orda av ei katolsk bøn for djevelutdriving.

Denne bøna går i alle fall attende til mellomalderen. Ein har funne ordlegginga i eit verk frå Kloster Metten i Bayern frå 1415.

Bøn mini|venstre|Forkorting av den latinske setninga «Vade retro satana...» (V R S... frå toppen og nedetter høgre sida) bak på ein benediktmedaljong.

Den latinske teksten:

(Heile bøna er forkorta på medaljongillustrasjonen, fyrst på krossen og deretter ringen)

Beinveges omsetting: Heilag krossen er mitt ljos / Draken er ikkje drotten min Vik bak meg, satan / Freist meg aldri med fåfengde gjerningar Det du byder på er vondt / Drikk gifta sjølv.

Soge «Vade retro satana» liknar ei setning frå markusevangeliet (8:33), der Jesus taler strengt til Peter og seier «Gakk ut or augo mine, Satan! Du hev ikkje ans for det som er Guds vilje, men berre for det som er menneskevilje.»

«Vade Retro Satana» er framleis ein del av katolsk eksorsisme, det noverande ritualet er i De exorcismis et supplicationibus quibusdam.

Kjelder

Kategori:Latinske ord og uttrykk Kategori:Kristne bøner Kategori:Eksorsisme Kategori:Katolisisme