Rolf Fjeldvær () var ein norsk skulemann og politikar frå Fillan i Sør-Trøndelag. I tida 1965-81 representerte han Sør-Trøndelag fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget.
Fjeldvær tok eksamen ved lærarskule i 1950. Han var lærar i Vardø frå 1951 til -54. Hausten 1954 var han tilbake i heimetraktene og underviste i Sandstad herad til 1960, deretter skuleinspektør i Sandstad til 1963. Frå 1964 skulesjef i Hitra herad. Han var også skulestyreformann 1956-63, formann i Folketannrøktnemnda 1959-67 og Nemnda for 9-årig skule på Hitra 1960-63. Elles formann i Reisetrafikkforeininga for Hitra og Frøya 1962-65, medlem 1964-67 i Fylkesfriluftsnemnda i Sør-Trøndelag og samstundes formann i Kommunikasjonsnemnda.
Frå 1965 til 1981 var Fjeldvær stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag, vald for Arbeidarpartiet. På Tinget var han i tida 1965-73 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen, deretter 1969-73 nestformann i Sjøfarts- og fiskerikomitéen og 1973-81 nestformann i Samferdslekomitéen.
Fjeldvær var elles styreformann i Arbeidsdirektoratet i 1975–79, og samstundes formann i Sjømannsnemnda. Åra 1977-82 leidde han eit statleg utval som utgreidde «utlendingers beskjeftigelse på norske skip».
Frå 1979 til 1994 var Fjeldvær eit av medlemene i Riksrevisjonen.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Lokalpolitikarar i Hitra Kategori:Lokalpolitikarar i Sandstad Kategori:Folk frå Hitra