µTorrent eller uTorrent er ein BitTorrent-klient som tilhøyrer BitTorrent-selskapet. Det har over 100 millionar brukarar,Spotify Reminded of uTorrent past after branding Grooveshark "pirates". TorrentFreak. November 12, 2014. og er med det det andre mest utbreidde BitTorrent programmet etter det kinesiske Xunlei, og det største utanfor Kina.
Den greske bokstaven µ (mu) i namnet kjem frå SI-prefikset mikro-, noko som viser til den låge minnebruken til programmet. Namnet kan uttalast på ulike måtar. Den svenske utviklaren av programmmet, Ludvig Strigeus, skreiv i 2005, «I usually say 'you torrent' because it looks like a u», men føreslo også «microtorrent», «mytorrent» ( er den svenske uttalen av bokstaven µ) og seinare «mutorrent» som alternativ. På engelsk blir bokstaven uttalt /mjuː/ eller /muː/. I Hellas blir programmet ofte kalla mi-torrent, ettersom den greske uttalen av μ er [mi].
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «ΜTorrent» frå , den 8. februar 2017.
Kategori:Proprietær programvare Kategori:Fildeling