Gulbrystmaurfugl (Hypocnemis subflava) er ein medlem av maurfuglfamilien, Thamnophilidae, med utbreiing i søraustlege Peru aust for Andes, inn i nordlege Bolivia og litt i tilgrensande område av delstaten Acre i Brasil. Han lever lokalt sympatrisk med brunflankemaurfugl. __NOTOC__ Skildring Dette er ein typisk maurfugl med mørk, streka overside og gul underside, ca. 11-12 centimeter lang og med kroppsvekt rundt 12 gram. Hovudet er mørkt med ei kvit sentral stripe og kvit augebrynstripe. Dekkfjørene er svarte med kvite tuppar som samlast i eit kvitt band når fuglen sit rolig. Den litt spinkle halen har brunt fargeskjær. Undersida er gradvis mørkare gul mot bakkroppen. Det kraftige nebbet og beina er grå. Hofuglane i underarten collinsi har lyst olivengrått i oversida av fjørdrakta der hannar er meir grå.
Han skil seg mest frå dei næraste slektningane i fjørdrakt ved at undersida er reinare gul der dei andre er meir oransje eller raudbrune.
Gulbrystmaurfugl er funnen på lågare høgdnivå i fuktig skog, kanskje opp til 1400 moh. mot foten av Andes. Han lever av ulike insekt og edderkoppar og beitar i tett underskog med korte hopp, vippar med vengene og svingar halen frå side til side.
Taksonomi Fram til 2008 vart han sett på som ein underart av rustflankemaurfugl, Hypocnemis cantator, men basert på skilnader i vokalisering og i mindre grad skilnader i fjørdrakt har dei i seinare år blitt handsama som eigne artar. Etter ein studie med samanlikningar av læte og genetisk struktur blant maurfuglar, la gruppa framlegg om å handsame kvar av dei seks underartane av rustflankemaurfugl som sjølvstendige artstakson. Synet blei stødd av South American Classification Committee og den nye taksonomien blei tatt inn i Clementslista frå desember 2009, og er òg akseptert av IOC. Det er for tida definert berre ein underart i tillegg til nominatforma, H. s. collinsi.
Kjelder Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:maurfuglfamilien