Krossblomordenen (Brassicales) er ein biologisk orden av blomsterplantar. Han omfattar fleire plantefamiliar, mellom anna blomkarsefamilien, kapersfamilien, krossblomfamilien, krossblomfamilien og smøraugefamilien.
Fellestrekk for plantar i gruppa er at alle artar inneheld celler med myrosin og derivat av fenylalanin eller tyrosin. Artane inneheld også flavonoid og tannin. Nesten alle plantar som produserer glukosinolat (sennepsoljeglykosid) høyrer til denne ordenen. Blada er spiralstilte. Dei firetalige blomane sit i endestilte klasar.
Familiar
Ordene omfattar typisk følgjande familiar: Akaniaceae - to artar frå Asia og Aust-Australia Bataceae – salt-tolerante buskar frå Amerika og Australasia Brassicaceae – sennep- og kålfamilien, kan også omfatta Cleomaceae Capparaceae – kapersfamilien, stundom inkludert i Brassicaceae Caricaceae – papayafamilien Cleomaceae Emblingiaceae Gyrostemonaceae - frå Australia Koeberliniaceae - ein tornebuskart frå Mexico og Sørvest-USA Limnanthaceae – smøraugefamilien Moringaceae – tretten treslag frå Afrika og India Pentadiplandraceae - frå Afrika Resedaceae – resedafamilien Salvadoraceae - tre slekte frå Afrika til Java Setchellanthaceae Tovariaceae Tropaeolaceae – blomkarsefamilien
Kjelder
Søk i Artsdatabanken
Denne artikkelen bygger på «Korsblomstordenen» frå , og «Brassicales» frå den 24. januar 2017.
Kategori:Dekkfrøplantar