Emblingia calceoliflora er den einaste arten i den monotypiske planteslekta Emblingia, som er den einaste slekta i familien Emblingiaceae i krossblomordenen (Brassicales). Planten kjem frå Vest-Australia, der han er endemisk. Planten er ikkje rekna som truga.
Planten er ein fleirårig, krypande halvbusk med grove hår. Enkle blad sit på stilkar. Blomane sit kvar for seg ved bladfeste og kan vera kvite, kremfarga, gule, grøne eller rosa. Planten blomstrar frå august til november. Blomane er zygomorfe (har berre eitt symmetriplan) og heng opp ned. Dei har samanvaksne begerblad og to kronblad. Frøet har ei kjøtfull frøkappe.
Taksonomi Slekta og arten blei først skildra botanisk av Ferdinand von Mueller i 1861 I Fragmenta Phytographiae Australiae. Skildringa bygde på plantar sannka i Murchison i Vest-Australia av Pemberton Walcott og Augustus Frederick Oldfield.
Plasseringa av slekta i ein familie har vore rekna som problematisk; ho har til ulike tider vore plassert i Capparaceae, Sapindaceae, Goodeniaceae og, i Cronquist-systemet, i Polygalaceae. I 1965 laga Herbert Kenneth Airy Shaw familien Emblingiaceae for slekta, og denne familien er brukt for slekta i APG II, Dahlgren, Reveal, Stevens, Takhtajan og Thorne-systemet. Molekylær analyse har bekrefta plasseringa av slekta i krossblomordenen (Brassicales).
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Emblingia calceoliflora» frå , og «Emblingia» frå den 25. januar 2017.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Brassicales Kategori:Plantar i Australia