Cathrine Svendsen (), gift Roll-Matthiesen, er ein norsk tidlegare handballlspelar frå Porsgrunn som som vann to OL-sølv og to VM-bronsar i tida 1986-93. Ho vart seriemeister med IL Vestar i 1989 og noregsmeister med Larvik HK i 1996. Svendsen, som var høgre rykkrom-spelar, var i si tid den mest hardtskytande spelaren i det norske landslaget.

Svendsen debuterte på Noregs landslag i ein kamp mot Bulgaria den 6. november 1985. I desember 1986 var ho med då Noreg overraskande vann bronsemedaljen under handball-VM i Nederland. Sidan var ho med å vinne sølvmedalje både under Sommar-OL 1988 i Seoul og Sommar-OL 1992 i Barcelona. Ho var norsk toppskårar med seks mål då Noreg på heimebane vann bronsefinalen i handball-VM 1993 mot Romania med 20-19. Svendsen deltok i si siste meisterskaps-turnering då Noreg tapte bronsefinalen 24-25 mot Danmark under handball-VM 1995.

Svendsen spelte 234 landskampar og skåra 921 mål for Noreg. Som klubbspelar melde ho kring 1992 overgang til Lunner IL, og etter 1994 spelte ho mellom andre for franske Boullargues, Larvik HK, Tertnes IL og IF Borg.

Merittar VM 1986: Bronsemedalje etter 23–19 mot Aust-Tyskland OL 1988: Sølvmedalje etter 20–23 mot Sør-Korea VM 1990: Nr 6 med Noreg OL 1992: Sølvmedalje etter 21–28 mot Sør-Korea VM 1993: Bronsemedalje etter 20–19 mot Romania VM 1995: Nr 4 etter 24–25 mot Danmark

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cathrine Svendsen» frå , den 4. desember 2016.

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1988 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1988 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1992 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 1992 Kategori:Spelarar i Handball-VM 1986 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 1993 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 1995 for kvinner Kategori:Folk frå Porsgrunn