«Kiss Me Quick» er ein song skriven av Doc Pomus og Mort Shuman, og spelt inn av Elvis Presley den 25. juni 1961. Han vart gjeven ut 5. juni 1962 via RCA på albumet Pot Luck. Songen vart gjeven ut i lag med «Something Blue» på singel i Storbritannia og Europa i desember 1962.Presley, Elvis; The Jordanaires (desember 1962). «Kiss Me Quick». "7" Vinyl» London: RCA Victor RCA 1375. Songen låg på toppen av Europa-lista i åtte veker frå juni til juli 1963.
Ein EP med same namn og fire spor vart gjeven ut i 1964 i Nederland.Presley, Elvis (1964). Kiss Me Quick. Nederland: RCA Victor EP RCA 1375. Denne inneheldt «Kiss Me Quick» og «Night Rider» på den eine sida, og «Joshua Fit the Battle» og «Judy» på side to. Songen er òg gjeven ut på mange samleplater av Elvis.
Songen er blitt spelt av den austerrikske songaren Udo Jürgens, som gav ut ein versjon i 1963, og av det japanske rockebandet Sheena & The Rokkets i 1980 på albumet Channel Good. «Kiss Me Quick» vart òg ofte framført av den tyske tenoren Peter Hofmann, som blanda opera, rock, pop og musikalar.Hofmann, Peter (1990). CD Tyskland: Columbia 471327 2.
Utgjevingar EP- og singelutgåve av «Kiss Me Quick»:Elvis Presley discography at Rate Your Music.
ÅrTittel1962 «Kiss Me Quick» / «Something Blue»1963 «Kiss Me Quick» / «Night Rider»1964 «Suspicion» / «Kiss Me Quick»1964 «Kiss Me Quick» / «No More»1964 «Kiss Me Quick» / «Suspicion»1964Kiss Me Quick1968 «The Night Rider» / «Kiss Me Quick»1976 «Suspicion» / «Kiss Me Quick»1977 «Suspicion» / «Kiss Me Quick»
Album med «Kiss Me Quick».
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kiss Me Quick (song)» frå , den 27. november 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1962 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar med tekst av Doc Pomus Kategori:Songar med musikk av Mort Shuman