Girls! Girls! Girls! er det 16. albumet til Elvis Presley, gjeven ut på RCA Victor Records i mono og stereo, i november 1962. Innspelinga fann stad i Radio Recorders i Hollywood 26. til 28. mars 1962. Det nådde tredjeplassen på Top LP's-lista i USA. Albumet selde til gullplate den 13. august 1963 hos Recording Industry Association of America. Merk: Søk for "Girls, Girls, Girls"

Innhald Sidan filmmusikkalbum til Presley selde langt betre enn dei vanlege albuma (Blue Hawaii selde ti gonger så mykje som Pot Luck with Elvis) vart Presley nøydd til å skrive songar forma for lett underhaldning og filmar med vakre bakgrunnar og vakre kvinner.Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; pp. 164-165, 172. Filmmusikken fekk derfor fokus frå og med dette albumet.

Det vart spelt inn seksten songar under innspelinga i mars, der 13 av dei hamna på filmmusikkalbumet.Jorgensen, op. cit., s. 169-170. Sidan Jerry Leiber og Mike Stoller vart avvist etter å ha hamna på kant med the Colonel, måtte songane dei skreiv for dette albumet alt ha blitt skrivne før den tid. Det same vart The Coasters-hitten frå 1961 som Presley spelte inn for filmen.Jorgensen, op. cit., p. 173. Denne songen og to andre, «Return to Sender» og «Because of Love», finst på samlealbumet Command Performances: The Essential 60's Masters II frå 1995.

Songane «Return to Sender» og «Where Do You Come From» vart gjevne ut på singel i oktober 1962, ein månad før albumet kom. «Return to Sender» vart ein stor hit for Presley og nådde andreplassen på Billboard Hot 100, medan B-sida, «Where Do You Come From», nådde 99. plassen.Jorgensen, op. cit., p. 415.

Selskapet Follow That Dream gav ut ein utvida versjon av albumet i 2007, med alternative opptak og songar som ikkje hamna på det originale albumet.

Innhald

Original release

Follow That Dream-utgåva

Medverkande Elvis Presley – vokal The Jordanaires – vokal The Amigos – korvokal (på «We'll Be Together») Boots Randolph – saksofon, klarinett Scotty Moore, Barney Kessel – elektrisk gitar Tiny Timbrell – akustisk gitar Robert Bain, Alton Hendrickson – gitarar (på «We'll Be Together») Dudley Brooks – piano Harold Brown – orgel (på «Thanks to the Rolling Sea») Ray Seigel – kontrabass D.J. Fontana, Hal Blaine, Bernie Mattinson – trommer

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Girls! Girls! Girls! (album)» frå , den 27. november 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff LPM-2621 Girls! Girls! Girls! Guide på The Elvis Presley Record Research Database

Kategori:Filmmusikkalbum frå 1962 Kategori:Elvis Presley-album Kategori:RCA Victor-album