Gunnar Alf Larsen () var ein norsk industriarbeidar, politikar og embetsmann frå Oslo. Han representerte Oslo og Arbeidarpartiet på Stortinget i 23 år mellom 1954 og 1977. Svein Larsen er sonen hans.
Gunnar Alf Larsen var sjømann frå 1936 og utdanna seg til maskinist i heimbyen. Under andre verdskrigen sat han 1942-43 arrestert i Grini fangeleir, deretter i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen i Tyskland til krigen var over.
Etter verdskrigen arbeidde Larsen som jarndreiar ved Akers mekaniske verksted til 1951, han var 1949-51 formann i Jerndreiernes forening. Åra 1951-54 arbeidde han i Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund.
Larsen var vararepresentant frå Oslo til Stortinget frå januar 1954, men møtte fast i staden for statsråd Trygve Bratteli til 22. januar 1955, deretter i staden for statsråd Rakel Seweriin til 1. august same året. Etter vel eitt år utanfor Stortinget var Larsen på ny fast representant då Trygve Bratteli 28. desember 1956 tok sete i regjeringa. Tingbolkane 1958-61 og 1961-65 møtte han fast i staden for statsminister Einar Gerhardsen, men unnatak for dei fire vekene hausten 1963 då John Lyng var norsk statsminister. Frå 1965 til 1977 hadde Larsen fast plass. Larsen var 1954-55 medlem i Miltærkomiteen, 1957-sesjonen i Finans- og tollkomiteen, 1958-65 i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, nestformann 1965-69 i same komiteen. Tingperioden 1969-73 var Larsen formann i Forsvarskomiteen og frå oktober 1973 til 18. februar 1975 formann i Industrikomiteen. Til sist var han medlem av Forsvarskomiteen i to-og-eit-halvt år.
Larsen var formann i Oslo Arbeiderparti 1974–75. Han var fylkesmann 1977-79 i Buskerud og 1979-88 i Oslo og Akershus. I 1990 gav han ut boka Sluttspill.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Stortingsrepresentantar 1961-1965 Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Folk frå Oslo