høgre|mini|Ford Model A sport 1931, roadster med svigemorsete Svigermorsete (amerikansk engelsk rumble seat, britisk engelsk dicky seat, dickie seat eller dickey seat) var eit polstrert utvendig sete som kunne foldast inn i bagasjerommet i bilar med to sete, produserte før 2. verdskrig. Setet kunne ha plass til ein eller to passasjerar. Svigermorsete stammar opphavleg frå hestevogner, som kunne ha enkelt sete eller benk med plass til ein kusk eller tener.

Når det ikkje var i bruk kunne plassen nyttast til bagasje.  Før den fyrste verdskrigen kunne ikkje alle svigermorsete foldast inn i bagasjerommet. Roadster-, kupé- eller kabriolet-karosseri vart levert med anten bagasjerom eller svigemorsete.

høgre|mini|Illustrasjon av svigermorsete, ca. 1913

Passasjerar i svigermorsetet var utsett for vêr og vind og fekk lite eller ikkje noko av vernet som dei andre pssasjerene fekk. Nedfellbart tak og sidegardiner var tilgjengelege i enkelte bilar (inklusive Ford Model A) men dei vart aldri særleg populære. Blant dei siste amerikanskbygde bilane med svigemorsete var 1938 Chevrolet,conceptcarz.com 1939 FordRoush Automotive Collection. og 1939 Dodge and Plymouth. Den siste britiske bilen med svigemorsete var Triumph 2000 Roadster som vart bygd fram til 1949.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rumble seat» frå , den 1. desember 2016. oppgav desse kjeldene: Referansar

Litteratur

Kategori:Sete Kategori:Bilar