Karl Åke Seyffarth () var ein svensk skeiseløpar, fødd i Stockholm og død i Mora. Han vart europameister i 1947 og vann gullmedaljen på 10 000 meter under Vinter-OL 1948.
Seyffarth vart suveren vinnar, framom landsmannen Göthe Hedlund og norske Sverre Farstad, då europameisterskapen 1947 vart avvikla i hans fødeby Stockholm. Nokre veker seinare kom han på bronseplassen ved skeise-VM på Bislett stadion i Oslo.
Under dei olympiske vinterleikane 1948 i St. Moritz overraska Seyffarth med å vinne sølvmedaljen på 1500 meter, eit halvt sekund bak den norske gullvinnaren Sverre Farstad. Derimot var det alt anna enn overraskande at Seyffarth tok ein suveren siger på 10 000-meteren, nesten ti sekund føre sølvmedaljøren.
Han la opp i 1950.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Åke Seyffarth» frå , den 12. november 2016.
Kategori:Svenske skeiseløparar Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser Kategori:Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sverige Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1948 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1948 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1948 Kategori:Folk frå Stockholm