mini|Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum. mini|Kart over Orknøyane, med den nordlege delen av Katanes (Caithness). Frå kartsamlinga til Nasjonalbibliotektet. Handteikna før 1850 av P.A. Munch. Torfinn Sigurdsson òg kalla Torfinn den mektige (Þorfinnr inn riki) levde i tida ().Det har vore diskusjon omkring når Torfinn vart fødd. Orknøyingasoga gir tre konkrete opplysningar om Torfinn si alder: han var fem år gamal då morfaren gav han jarlsnamn, han var fjorten år gamal då han baud ut hær og herja i rika til andre hovdingar (kap. 20) og han var fem år gamal då far hans fall (i slaget ved Clontarf 1014). Mest truleg var då Torfinn fødd ut på året 1008. Det høver òg med eit vers i «Torfinnsdråpa» av Arnor jarlaskald (sjå ref.), der det i vers 5 er sagt at han drog på hærferd f ø r han var femten år (fór, áðr fimmtán væri, fetrjóðr Hugins, vetra), dvs tidleg i 1020-åra, og dette kan høve godt med det orknøyingasoga fortel om hendingane etter at han var blitt forlikt med Bruse jarl. Bakgrunnen for diskusjonen kjem av at Orknøyingasoga i kapittel 12 tidfester slaget ved Clontarf til fem år etter Svolder-slaget, og her må sogeforfattaren ha teke feil av årstalet for det sistnemnde slaget. Han var jarl på Orknøyane, først saman med dei tre halvbrørne sine, seinare saman med brorsonen Ragnvald, og til sist aleine, til han døydde omkring 1065.

Norrøne kjelder Livet hans er skildra mest detaljert i OrknøyingasogaOrknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929) og han er nemnt i soga om Olav den heilage.Soga um Olav den heilage Omsett av S. Schjött (1900) frå heimskringla.no Dei norrøne sogene er rekna som usikre kjelder, då dei vart nedskrivne omkring 200 år i ettertid. Ein trur likevel at Orknøyingasoga gir truverdige opplysningar om dei viktigaste hendingane i livet til orknøyjarlane i tida etter år 1000, særleg der ein finn støtte frå samtidige skaldevers, slik som her i «Torfinnsdråpa» av Arnor jarlaskald og «Kalvsflokk» av Bjarne Gullbrarskald.

Familie Far til Torfinn Sigurdsson var orknøyjarlen Sigurd Lodvesson Digre (Sigurd Digre) og mor hans var Plantula,Sutherland and Caithness in saga-time (Edinburgh 1922) side 37 truleg dotter til den skotske kongen Malcolm II (Melkólms Skotakonungs).Malcolm II Scottish monarksOrknøyingasoga opplyser berre at ho var «dotter åt Melkolv skottekonge» (s.28). Det fanst to skotske kongar som kunne vere aktuelle, Malcolm MacBrigte, herskar over Moray, og Malcolm II MacKenneth, konge av Alba (sjå «The Northern Earldoms» side 113). Han hadde tre eldre halvbrør, Sumarlide, Einar (Vrangmunn) og Bruse. Han vart gift med Ingebjørg FinnsdotterIngebjørg vart kalla «jarlemor» (jarlamóðir). Ho var syskenbarnet til Tora Torbergsdotter som var gift med kong Harald Hardråde., dotter til Finn Arnesson og han var far til orknøyjarlane Erlend Torfinnsson og Pål Torfinnsson, og såleis farfar til Magnus Erlendsson den heilage og Håkon Pålsson. Skalden Arnor jarlaskald skal ha vore gift men ein slektning av Torfinn.

Liv og lagnad mini|Kong Malcolm II av Skottland var truleg Torfinn jarl sin morfar. Han døydde 25. november 1034. Etterfølgaren hans som skotsk konge, var dottersonen Duncan I. Torfinn blir nemnt første gongen i OrknøyingasogaOrknøyingasoga kap. 12/13 (kap. 12/13) der det blir fortalt at faren sende han til fostring hjå morfaren, skottekongen. Dette hende då Sigurd jarl drog på herfærda til Irland, der han fall i slaget ved slaget ved Clontarf. Torfinn var då fem år gamal, og morfar hans, kong Malcolm II, let han få Caithness (Katanes) og Sutherland, gav han jarlsnamn, men sette menn til å styre landet saman med han. Soga fortel at han «vart snart vaksen» og han vart ein oveleg stor og sterk mann, svart på hår og ein djerv kar.

Striden med halvbrørne Det ser ut til at det store riket som Sigurd Lodvesson hadde rådd over, fall saman då han døydde. Ungguten Torfinn fekk styringa med områda på fastlandet, medan halvbrørne hans, dei tre eldste sønene etter Sigurd jarl, rådde berre over kvar sin tredjepart av det opphavelege øyriket, Orknøyane og Shetland. Sumarlide jarl døydde etter berre nokre få år, og då vart det stor usemje mellom brørne om delinga av riket. Torfinn jarl kravde å få noko av riket på øyane, men Einar jarl meinte at han alt hadde fått meir enn ein tredjepart av av faren sitt opphavelege rike og ville ikkje unne Torfinn noko skifte. Sogene skildrar Einar jarl som ein hardstyrar og legg vekt på at han var den konfliktskapande i relasjon til både bøndene og brørne. Omkring 1018 vart det nære på krig mellom dei to brørne, men broren Bruse jarl gjekk i mellom og fekk i stand ei fredeleg semje slik at Torfinn fekk den eine tredjeparten av øyane. Ein ny mann, Torkjell Åmundesson frå Sandvik på Rossøy, kom til å spele ein viktig rolle i tilhøvet mellom brørne. Han kom i usemje med Einar jarl og reiste i eksil til Katanes og fekk opphald hjå Torfinn jarl. Der skal han ha blitt fosterfar til Torfinn og vart kalla Torkjell Fostre. Dei var begge på vitjing hos kong Olav i Noreg og vart vel tekne i mot der. Det blir sagt i soga at då Torfinn reiste attende til Orknøyane, skildest kongen og jarlen i stort vennskap.

Seinare kom det til eit forlik mellom Einar jarl og Torkjell Fostre, men det enda likevel med at Torkjell drap Einar jarl i eit bakhald. Drapet skjedde omkring år 1020, etter eit gjestebod hos Torkjell, og det var det «ingen som kom seg til å hemne drapet». Då vart det på nytt usemje om delinga av riket. Bruse jarl tok til seg tredjeparten som Einar hadde styrt, men Torfinn jarl gjorde krav på halvparten av riket på øyane. For å få hjelp i arvestriden, reiste Bruse jarl til kong Olav Haraldsson i Noreg. Då gjekk det slik til at Torfinn òg reiste til Noreg; han meinte at han frå før var ven med kong Olav og rekna med å få støtte for si sak, hjå han.

Fredsmekling hjå kong Olav Venteleg trudde begge at dei kom til ein ven som ville hjelpe dei med å løyse konflikta; i staden møtte dei ein konge som var mest instillt på å utnytte stoda til sin eigen fordel. SogeneOrknøyingasoga kap. 17/18/19Soga um Olav den heilage kap. 101/102 skildrar i omstendelege ordelag korleis kong Olav med truslar og lovnadar, spela dei to jarlane opp mot kvarandre. Han tok Ragnvald, sonen til Bruse jarl som gissel, og han la tydeleg for dagen at om ikkje Torfinn jarl underordna seg den norske kongen, ville han ikkje kom derifrå i live. Alt tyder på at det heile enda med at både Bruse og Torfinn gav kong Olav rådvelde over jarleriket; dei lova han truskap og gav eidane sine på det. Skalden Ottar Svarte gjorde omkring 1023 diktet «Hovudløysinga»Hovudløysinga av Ottar Svarte til kong Olav, der det er nemnt i 19. verset: Hjaltlendingane reknast no for dine undersåttar; men ingen kamphissig konge stod fram her i aust (i Noreg), før vi fekk deg, som underkasta seg øyane i vest. Skalden Ottar Svarte var komen på kant med kong Olav og gjorde diktet «Hovudløysinga» nettopp for å «redde hovudet». Ein kunne då lett mistenke skalden for å ha gitt kongen skryt for slikt som han visste at kongen sjølv rekna som storverk, endå om det i røynda var mindre prisverdig. I norsk historieskriving er det blitt hevda at Orknøyane etter dette vart lagt under norsk styring,Bruse Sigurdsson Store norske leksikon men det er vanskeleg å sjå at den norske kongen på denne tida fekk reell makt og rådvelde over Orknøyane. Dette står òg i motsetning til den eldste kjelda som gir konkret opplysning om det norske herredømet over Orknøyane, Beretningen om Hamburg stift av Adam av Bremen (sjå ref), der det går fram at det var kong Harald Hardråde som la under seg øyane, så seint som i 1066.

Attende på Orknøyane vart Torfinn jarl og Bruse jarl etter kvart forlikte og truleg styrte dei etter denne tida riket sjølvstendig, og i det minste Torfinn tykte ikkje at dei skulda truskap til den norske kongen. Eidane om truskap og underkasting var gitt under tvang, og det er elles lite truleg at kong Olav var i stand til å setje makt bak krava sine.Kong Olav vart på denne tida (i byrjinga av 1020-åra) oppteken med herdferda for å erobre Danmark, noko som enda med slaget ved Helgeå mot kong Knut den store og ladejarlen Håkon Eiriksson. Etter det slaget (truleg i år 1026) hadde ikkje Olav Haraldsson lenger kongsmakt i Noreg. Bruse jarl hadde ei tid styringa med dei to tredjepartane han meinte seg å ha rett på, men det blir fortalt i soga at han ikkje rådde med vikingar som tok til å herje på øyane hans. Han skal difor ha gitt den eine tredjeparten til Torfinn jarl som hadde større styrkar og var betre i stand til å verje riket. Etter OrknøyingasogaOrknøyingasoga side 43 (side 43) hende dette omkring år 1028. Bruse jarl hadde deretter styringa med den siste tredjeparten, til han døydde litt før 1035.

Striden med Karl skottekonge I byrjinga av 1030-åra, medan Bruse jarl framleis levde, rådde Torfinn jarl i røynda åleine over øyriket og han kunne konsentrere seg om sitt store mål; å vinne attende landområda i sør, som faren hadde rådd over.

I Skottland døydde Torfinn sin morfar og overherre, kong Malcolm II, i 1034,Annals of Tigernach 1034 døydde Máel Coluim mac Cináeda, konge av Alban (Skottland) og kong «Karl Hundeson»Artiklar om Karl Hundason frå liquisearch.com«Karl Hundeson» er eit tillaga, norrønt namn, og det er særs uvisst kven han var. Malcolm II sin etterfølgjar som skotsk konge, var dottersonen Duncan I (Ddonnchad mac Crinian). Han var truleg syskenbarnet til Torfinn jarl. tok styringa. Han gjorde krav på Caithness, men Torfinn heldt på at han hadde fått landet av morfar sin, og i fleire år herja dei i rika til kvarandre. Til sist kom det til to avgjerande slag. Kong «Karl» hadde samla folk og kom nordover med ein stor hærflåte. Torfinn jarl og Torkjell Fostre samla hærstyrkar frå Caithness og frå Orknøyane, og dei møttest først i eit sjøslag ved «Dyrnes» (Deerness) på austsida av Mainland på Orknøyane. Torfinn jarl fekk siger og kong Karl trekte seg attende til «Breidefjord» (Moray Firth), der det kom til eit nytt, stort slag ved «Torfnes».Torfnes: truleg Tarbat Ness på sørsida av Dornoch Firth på Caithness. Der fekk Torfinn ein endeleg siger og han hadde dermed sikra seg herredøme over Skottland, frå Pentlandsfjorden til den strategisk viktige elvevegen Ekkjal (Oykel river) tvers gjennom Skottland. Arnor jarlaskald nemner om dette i «Torfinnsdråpa»: Ulfs tuggu rauð eggjar, eitt þars Torfnes heitir, — ungr olli því þengill — — þat vas mánadag — fránar. Sungu þar, til þinga, þunn fyr Ekkjal sunnan sverð, es siklingr barðisk snarr við Skotlands harra.Dei skarpe eggar farga raude, der det heiter Torfnes, av den unge fyrste - det var ein måndag. Der song dei tynne sverd, syd for Ekkjal, der den raske fyrste kjempa mot skottlands konge Han hadde dermed erobra landet like langt sør som den første orknøyjarlen, Sigurd Øysteinsson, i si tid hadde nådd.Soga om Harald Hårfagre kap. 22 (om Ekkjalsbakke) Orknøyingasoga har ikkje meir å fortelje om kong «Karl Hundeson», det er usikkert kven han var og kva lagnad han fekk seinare.

Striden med brorsonen mini|Papa Stronsay («Litle Papøy») var staden der Orknøyingasoga fortel at Torkjell Fostre drap Ragnvald Brusesson. Ragnvald Brusesson vart verande lenge hjå kong Olav, og dei norrøne sogene gir oss det inntrykket at han vart ven både med han og sonen hans, Magnus. I 1035 kom Magnus Olavsson (den gode) attende til Noreg og vart teken til norsk konge, og Ragnvald var ifølgje med han. Då var Bruse Sigurdsson jarl avliden, og Ragnvald reiste attende til Orknøyane for å krevje «odelen sin». Ved dette høvet blir det sagt i OrknøyingasogaOrknøyingasoga kap. 21/22 (kap. 21/22) at kong Magnus gav han tre skip, gav han jarletittel og den tredjeparten av øyane som kong Olav hadde eigd, slik at Ragnvald skulle styre over to tredjepartar.