«Just Because» er ein song skriven av Joe Shelton, Sydney Robin og Bob Shelton og opphavleg spelt inn av Nelstone's Hawaiians (Hubert Nelson og James D. Touchstone) i 1929 og seinare av The Shelton Brothers i 1933.The Encyclopedia of Country Music: The Ultimate Guide to the Music By Paul Kingsbury, Laura Garrard, Daniel Cooper, John Rumble, Country Music Hall of Fame & Museum (Nashville i Tennessee) Published by Sourcebooks, Inc., 2004 pages 91,480 ISBN 0-19-517608-1, 9780195176087Books.google.com henta 29. september 2016 Som kjelder seier at Sydney Robin skreiv songen aleine og at dei to Shelton-brørne la til namnet sitt då dei spelte han inn.

Andre versjonar Songen har blitt spelt mange gonger, særleg etter Shelton Brothers-innspelinga. I 1933 gav RCA Victor ut ein versjon av songen av The Lonestar Cowboys. Nelstone's Hawaiians Victor V40273 (1929)

Songen har òg blitt spelt inn av Frankie Yankovic i ei innspeling som kom ut i 1948.Nancy's Place For Polkas , henta 29. september 2016

Elvis Presley spelte inn songen 10. september 1954 i Sun Studios. Songen vart aldri gjeven ut på Sun og kom med på debutalbumet hans, Elvis Presley, etter at han fekk kontrakt med RCA. Paul McCartney spelte inn songen seinare i ein liknande stil som Presley sin versjon på albumet Choba B CCCP.

Al Hirt gav ut ein versjon i 1964 på albumet Beauty and the Beard.Al Hirt, Beauty and the Beard Henta 29. september 2016.

«Just Because» er kjenningsmelodien til Peninsula Banjo Band i San Jose i California. Dei har opna med denne songen på alle konsertane sine sidan 1966.

Jorma Kaukonen gav ut ein versjon i 2002 på albumet Blue Country Heart.

Songen vart spelt inn av Brian Setzer i 2005 for Rockabilly Riot Vol. 1: A Tribute To Sun Records.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Just Because (Nelstone's Hawaiians song)» frå , den 29. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1933 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Al Hirt-songar Kategori:Brian Setzer-songar Kategori:Jerry Lee Lewis-songar Kategori:Duane Eddy-songar