«I'm Gonna Sit Right Down and Cry (Over You)» er ein popsong skriven i 1953 av Joe Thomas og Howard Biggs. Sidan den gongen har han blitt ein liten popstandard. Han er mest kjend i versjonen på debutalbumet til Elvis Presley,I'm Gonna Sit Right Down And Cry (Over You) | The Beatles Bible og for ei framføring av songen av The Beatles (finst på Live at the BBC). The Beatles spelte òg songen på Star-Club i Hamburg på nyårsaftan 31. desember 1962, under den femte og siste perioden deira i Hamburg. Versjonen deira finst på albumet Live! at the Star-Club in Hamburg, Germany; 1962.
The Beatles-versjonen The Beatles spelte inn sin versjon 16. juli 1963 i BBC Paris Studio i London for radioshowet Pop Go The Beatles. Innspelinga vart først gjeve ut i 1994 på Live at the BBC.
The Beatles-ersjonen skil seg frå Presley-versjonen og er meir rock 'n' roll, medan Presley sin versjon er meir rockabilly-country-aktig.
Dette er ein av tre Presley-songar som Beatles spelte inn for BBC, i lag med «I Forgot to Remember to Forget» og «That's All Right».
Medverkande John Lennon - vokal, sologitar Paul McCartney - vokal, bass George Harrison - rytmegitar Ringo Starr - trommer
Andre artistar som har spelt songen Andy Anderson Link Wray The Prowlers Toots & the Maytals The Swinging Blue Jeans Shakin' Stevens Del Shannon Thee Milkshakes Elvis Presley Hi-Fives Roy Hamilton The Four Lads The Beatles Glen Glenn Johnny Hallyday Les Vote Chris Isaak
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I'm Gonna Sit Right Down and Cry (Over You)» frå , den 30. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1953 Kategori:Rockabilly-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Chris Isaak-songar Kategori:Chris Isaak-songar Kategori:Link Wray-songar