mini|Søndre Land prestegard Søndre Land prestegard eller Fluberg prestegard i Søndre Land kommune i Oppland er ein prestegard som ligg om lag ein kilometer sør for Fluberg kyrkje, nedi skråninga på vestsida av Kirkebakka, som i si tid var ein del av Den bergenske hovudvegen.
Prestegarden har som kyrkja røter attende til mellomalderen. Den tidlegare kyrkja (ei stavkyrkje) stod på grunnen til prestegarden.
Hovudbygningen er frå 1790 og hadde opphavleg to fløyer på kvar side. Desse er borte i dag. Eit verandatilbygg på vestre langveggen er frå 1867. Ein låve som hadde vore kommunal eigedom sidan 1992, vart riven i 2012. Same året vart det gjennomført ei avgrensa restaurering innvendig i hovudbygningen, som er freda, og som framleis vert nytta som tenestebustad. Rundt prestegarden er eit hageanlegg som har grodd att ein del.
Gardsdrifta er frådelt.
Kjelder
Søndre Land prestebolig, Fluberg hos Opplysningsvesenets fond
Bakgrunnsstoff
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Søndre Land