Øyer prestegard (gnr. 35) er ein prestegard i Øyer kommune i Innlandet fylke. Han ligg søraust for Øyer kyrkje og skal ha vore på same staden sidan mellomalderen.

Hovudbygningen består av to hus (frå kring 1650 og 1750) som vart sett saman til eitt i 1832. Bygningen vart freda saman med forpaktarbustad (drengstove) og stabbur i 1991 på grunn av historisk verdi og nærleik til kyrkja.

Gardsdrifta er frådelt frå prestegarden og jorda seld.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Øyer prestebolig hos Opplysningsvesenets fond

Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Øyer Kategori:Freda bygg i Innlandet Kategori:Gardar i Innlandet Kategori:Byggverk i Øyer