«Purgatory» er ein song av Iron Maiden, gjeve ut som den femte singelen deira den 15. juni 1981. Det var den siste utgjevinga deira med songaren Paul Di'Anno. Det er den einaste singelen frå albumet Killers, sidan den førre singelen deira, «Twilight Zone», opphavleg ikkje var med på den originale førsteutgåva av albumet. Singelen kom ut på ny i 1990 på same CD og 12"-vinyl som EPen Maiden Japan i plateboksen The First Ten Years.
Historie
I følgje trommeslagaren Nicko McBrain var songen ei nyinnspeling av ein av dei tidlegare songane til bandet, kalla «Floating». «Purgatory» er eit raskare arrangement av denne songen. Det var den minst suksessrike singelen til bandet og nådde ikkje topp 50 på den britiske singellista. Manageren deira, Rod Smallwood, har sagt at dette kom av at det «var ikkje i røynda ein singel, han vart berre henta frå albumet, som fansen alt hadde».
Det originale singelomslaget vart trekte attende av bandet fordi dei ønskte å nytte det på det neste studioalbumet, The Number of the Beast. Smallwood sa at då dei vart presentert med det originale omslaget «sa me, 'Nei, det er altfor bra,' så me brukte det for albumet. Me hadde plateomslaget klart fleire månader før musikken.» Dette gjorde at designaren Derek Riggs, måtte komme opp med eit omsag til, denne gongen ein illustrasjon av andletet til djevelen som rotnar bort og syner andletet til bandmaskoten, Eddie, under.
Innhald
1981 7"-singel
Medverkande Frå omslaget til 7"-singelen. Iron Maiden Paul Di'Anno – solovokal Dave Murray – gitar Adrian Smith – gitar Steve Harris – bassgitar Clive Burr – trommer Produksjon Martin Birch – produsent Derek Riggs – cover illustrasjon
Lister Singel Liste (1981) Plassering Album «Purgatory» UK Singles Chart 52Killers Singel Liste (1990) Plassering Album «Purgatory / Maiden Japan» UK Albums ChartRe-release of both titles as part of The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart. 5 —
Fotnotar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Purgatory (song)» frå , den 22. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Songar skrivne av Steve Harris Kategori:Songar frå 1980