høgre|mini|Strukturformel for fenetylamin høgre|mini|Generell strukturformel for stoff i fenetylamin-gruppa Fenetylamin, eller β-fenetylamin eller 2-fenetylamin, er eit alkaloid og monoamin. Fenetylamin har òg ein isomer α-fenetylamin (1-fenetylamin), som har to stereoisomere: R-1-fenetylamin og S-1-fenetylamin. I hjernen til mennesket, trur vi at 2-fenetylamin har ein funksjon som ein signalsubstans (neurotransmittar). Fenetylamin vert biosyntetisert frå aminosyra fenylalanin. Stoffet finst òg naturleg i kakao og i sjokolade.

Fenetylamin blir danna av ei rekkje artar plantar og dyr, mellom anna menneske. I pattedyr blir det laga gjennom biosyntese frå aminosyra L-fenylalanin ved hjelp av enzymet aromatisk L-aminosyre-decarboksylase gjennom dekarboksylering. Det blir også laga av ein del soppar og bakteriar (slektene Lactobacillus, Clostridium, Pseudomonas og familien Enterobacteriaceae). Det har ein sterk antimikrobiell verknad mot ein del sjukdomsframkallande bakterietypar, som Escherichia coli-typar (t.d. O157:H7) i store nok konsentrasjonar.

Substitusjonerte fenetylamin inneheld fleire kjemiske modifikasjonar anten på fenylringen, sidekjeda eller på aminogruppa. Dette er ei stor gruppe som liknar på fenetylamin.

Kjemiske sambindingar som er avleidde frå fenetylamin, som amfetamin, er sterkt regulerte eller forbodne stoff, og står i Noreg på narkotikalista, men fenetylamin i seg sjølv er ikkje på narkotikalistaNarkotikalisten, Forskrift om narkotika (narkotikaforskriften). eller legemiddellista. Legemiddellisten, Forskrift om legemiddelklassifisering (legemiddellisten, unntakslisten og urtelisten).

Status Stoffet står på dopinglista til antidopingbyråa WADA og Antidoping Norge, men ikkje på dopinglista i det norske lovverket,Forskrift om hva som skal anses som dopingmidler, lovdata.no som Statens Legemiddelverk spesifikt seier ein skal halde adskilt frå WADA si dopingliste.Doping, WADAs dopingliste, legemiddelverket.no.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fenetylamin» frå , den 22. august 2016.

Kategori:Alkaloid