«Living on My Own» er ein song av Freddie Mercury, opphavleg gjeven ut på det første soloalbumet hans, Mr. Bad Guy. Han vart gjeven ut som singel (med B-sida «My Love Is Dangerous») i september 1985 i Storbritannia, der han nådde 50. plassen på singellista. I juli 1985 kom singelen ut i USA med B-sida «She Blows Hot & Cold».Mr Bad Guy - Living On My Own Ultimate Queen. Henta 22. mars 2012
I 1993, to år etter Mercury døydde, vart ein No More Brothers Mix av songen gjeven ut og denne nådde toppen av singellista i Storbritannia, Noreg og Frankrike, fleire andre land i Europa, Asia og Latin-Amerika, og vart den einaste solohitten til Mercury som nådde toppen av salslistene. Denne versjonen av singelen vart ikkje gjeven ut i Nord-Amerika.Singles Chart For Week Up To 21/08/1993 Chart Stats. Henta 22. mars 2012Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited Han låg to veker på toppen av den britiske singellista.
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal Colin Peter - produksjon og remix Carl Ward - produksjon og remix Serge Ramaekers - produksjon og remix
Lister Originalversjonen frå 1985: 50 (UK)
Remixen frå 1993 (No More Brothers Mix): 1 (Storbritannia, Frankrike, Noreg, Italia, Sverige, Irland) 2 (Austerrike; Tyskland; Nederland; Sveits)
Salstrofé
Innhald 1985-utgåva 7" A. Living On My Own (singelversjon) B. My Love Is Dangerous (album)
12" A. Living On My Own (extended version) B. My Love Is Dangerous (extended version)
1993-utgåva 7"/kassett A. Living On My Own (Radio mix) B. Living On My Own (1992 album remix)
CD-singel Living On My Own (Radio mix) Living On My Own (Extended mix) Living On My Own (Club mix) Living On My Own (1992 album remix)
12" A1. Living On My Own (Extended mix) A2. Living On My Own (Club mix) B1. Living On My Own (Dub mix) B2. Living On My Own (LA mix)
Musikkvideo Musikkvideoen til både originalen frå 1985 og remixen frå 1993 av «Living on My Own» inneheld bilete av feiringa av 39-årsdagen til Mercury i 1985 i München.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Living on My Own» frå , den 1. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekst på den offisielle nettsida til Queen (frå Greatest Hits III)
Kategori:Freddie Mercury-songar Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Singlar frå 1994 Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-singlar i Frankrike Kategori:Nummer-ein-singlar i Italia Kategori:Nummer-ein-singlar i Noreg Kategori:Nummer-ein-singlar i Sverige Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Parlophone-singlar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:Hollywood Records-singlar