The Golden Boy er ein song spelt inn av Queen-songaren Freddie Mercury i lag med den katalanske opera-sopranen Montserrat Caballé.
Oversyn Han vart opphavleg gjeven ut på albumet Barcelona, og som singel to veker etter albumet kom ut, med eit anna utdrag frå albumet, «The Fallen Priest», som B-side. Ein instrumental versjon av songen vart gjeven ut på 12"- og CD-singelen. Singelen nådde 83. plassen på UK Singles Chart i Storbritannia.
Medverkande Freddie Mercury - vokal, piano, arrangement Montserrat Caballe - vokal Mike Moran - klaverinstrument, programmering, arrangement Madeline Bell - korvokal Dennis Bishop - korvokal Lance Ellington - korvokal Miriam Stockley - korvokal Peter Straker - korvokal Mark Williamson - korvokal Carol Woods - korvokal
Innhald
Musikkvideo Musikkvideoen består av eit opptak av artistane som framfører songen under La Nit-festivalen i Barcelona den 8. oktober 1988. Dette var den siste konserten Mercury heldt før sjukdommen hans vart verre.Freddie Mercury: biography . Freddie.ru. Henta 1. august 2016. Her framførte dei denne songen i lag med «Barcelona» og «How Can I Go On». Videoen vart først gjeven ut som ein del av ein 5" CD-videosingel.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Golden Boy» frå , den 1. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1988 Kategori:Freddie Mercury-songar Kategori:Songar skrivne av Freddie Mercury Kategori:Songar skrivne av Michael Moran Kategori:Duettar Kategori:Polydor Records-singlar Kategori:Songar med tekst av Tim Rice