Piccolomini er eit markant nedslagskrater søraust på månen. Krateret Rothmann ligg i vest-sørvest, og i sør ligg Stiborius. Det lange Rupes Altai byrjar ved vestkanten av Piccolomini, og svingar seg nordvestover. Krateret er namnsett etter den italienske erkebiskopen og astronomen Alessandro Piccolomini frå 1500-talet. Det er 88 kilometer i diameter og 4 500 meter djupt. Krateret er frå øvre imbrium for 3,8 til 3,2 milliardar år sidan.Autostar Suite Astronomer Edition. CD-ROM. Meade, April 2006.

Kraterkanten har blitt kraftig slite ned av andre nedslag, og den indre veggen består av terrassar. Desse strkturane er noko glatt ut av ras og erosjon, mest truleg skapt av seismisk aktivitet. Kraterbotnen er relativt jamn, med berre nokre små åsar og krater. I midten er ein kompleks sentral topp omgjeve av mindre toppar. Hovudtoppen stig 2000 meter over kraterbotnen.Moore, Patrick (2001). On the Moon. Sterling Publishing Co.. ISBN 0-304-35469-4.

Satellittkrater Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sidan av kratermidtpunktet som er nærast Piccolomini.

PiccolominiBreiddegradLengdegradDiameterA26.4° S30.4° E16 kmB25.8° S30.5° E12 kmC27.6° S31.1° E26 kmD26.9° S32.2° E17 kmE26.1° S31.8° E18 kmF26.3° S31.8° E72 kmG27.2° S34.7° E18 kmH27.9° S27.6° E9 kmJ25.0° S30.1° E28 kmK25.7° S29.7° E8 kmL26.1° S33.7° E12 kmM27.8° S31.8° E23 kmN27.3° S26.2° E9 kmO26.6° S30.5° E11 kmP30.4° S35.9° E12 kmQ30.8° S36.4° E14 kmR29.3° S35.3° E16 kmS31.6° S34.1° E21 kmT28.5° S29.0° E8 kmW26.8° S29.2° E6 kmX26.9° S31.5° E8 km

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piccolomini (crater)» frå , den 4. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Ringfjell på månen