mini|Bygningen til Sibelius-akademiet i Helsinki. Sibelius-akademiet, som no heiter Konstuniversitetets Sibelius-Akademi på svensk og Taideyliopiston Sibelius-Akatemia på finsk etter å ha gått inn i Konstuniversitetet i 2013, er den delen av Konstuniversitetet i Finland som tek for seg utdanning og forsking innanfor musikkfeltet. Akademiet har namn etter den finske komponisten Jean Sibelius, og har sitt hovudsete i Helsinki, men driv òg undervisning i Kuopio og Seinäjoki. Sibelius-Akademin er eit av dei største musikkakademia i Europa, og har ikring 1 500 studentar og meir enn 1 000 lærarar og andre medarbeidarar.
Akademiet har si bakgrunn i Helsingfors musikinstitut, som vart skipa i 1882 på privat initiativ av musikkpedagogen og komponisten Martin WegeliusHelsingfors Universitet: Martin Wegelius. Namnet på instituttet vart endra i 1924 til Helsingfors konservatorium, og i 1939 vart namnet Sibelius-Akademin. I 1980 vart det gjennomført ei administrasjonsreform som gjorde Sibelius-Akademin til statleg høgskule, og i 1998 vart akademiet eit universitet, som i 2013 vart ein del av Konstuniversitetet.
Det er ti ulike utdanningsprogram ved Sibelius-Akademin. Ein kan utdanne seg til musikkandidat og musikkmagister, og ein kan avleggje musiklicentiatexamen og musikdoktorsexamen (doktorgrad). Til liks med mange andre konservatorium kringom i verda, har Sibelius-Akademin òg eit juniorakademi for gåverike musikarar i skulealderen.
Avdelingar Avdelningen för folkmusik (folkemusikk) Avdelningen för jazzmusik (jazz) Avdelningen för komposition och musikteori (komposisjon og musikkteori) Avdelningen för kyrkomusik (kyrkjemusikk) Avdelningen för musikpedagogik Avdelningen för musikteknologi Avdelningen för orkesterinstrument Avdelningen för pianomusik Avdelningen för vokalmusik Avdelningen i Kuopio, eller «Kuopio-eininga» for kyrkjemusikk-utdanning og kunstforvaltning-utdanning.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Offisielle nettsider Kategori:Finsk kultur Kategori:Finsk musikk Kategori:Utdanning i Finland