Ras Al Khor viltreservat (arabisk رأس الخور) ligg i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata og er eit våtmarksområde som er kvilestad for store mengder trekkfugl. Her finst òg mange krepsdyr, små pattedyr og fisk. mini|Rosenflamingo

Ras Al Khor viltreservat representerer ein enklave av relativ villmark mellom eit virvar av trafikk og urban infrastruktur. Det er eit av få urbane verneområde i verda.

Dubai kommune har gjort mykje for å verne og bevare det biologiske mangfaldet i dette skjøre økosystemet. Våtmarksområdet er gjerda inn for å halde folk ute og det er bygd tre skjulestader der ein kan kikke på fugl.

Kring 500 rosenflamingoar held til i Ras Al Khor.

Artar Somme av artane som regelmessig vitjar viltreservatet er:

Galleri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ras al Khor» frå , den 6. juni 2016.

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:Bydelar i Dubai Kategori:Våtmarksområde i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Viltreservat i Dei sameinte arabiske emirata