The World («Verda») eller World Islands er ei kunstig øygruppe av forskjellige små øyar grovt forma som eit verdskart, i Persiabukta, 4 km utafor kysten av Dubai i Dei sameinte arabiske emirata. The World består hovudsakleg av sand som er mudra opp frå den grunne kysten av Dubai og er ei av fleire kunstige øygrupper i Dubai. The World er utvikla av Nakheel Properties og prosjektet var opphavleg ein idé av sjeik Muhammed bin Rashid Al Maktoum, som regjerer i Dubai.
Bygginga av dei 300 øyane byrja i 2003, men stoppa opp under finanskrisa i 2008. Så seint som 2013 var berre to av øyane ferdigutvikla. I 2014 byrja utbygginga av fleire av øyane som utgjer Europa..
Øyane er frå 14 000 til 42 000 m² store. Avstanden mellom øyane er i snitt 100 meter. Der er bygd opp av 321 millionar kubikkmeter sand og 386 millionar tonn stein. Heile området dekkjer 6 x 9 kilometer og er omgjeve av ei ovalforma bølgjebrytande øy. Det vart skapt omtrent 232 km med kystlinje. Den totale konstaden for The World i 2005 var estimert til 14 milliardar USD.
Sjå òg Palm Islands The Universe
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The World (archipelago)» frå , den 6. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Nakheel.com: The World «The Heart of Europa»
Kategori:Kunstige øyar i Dubai Kategori:Øygrupper i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Byggverk i Dubai Kategori:Verdskart