Thumrait er ein liten by i sør i Oman langs hovudvegen mellom Dhofar og resten av Oman. I oldtida var Thumrait ein viktig stad langs karavanerutene på Den arabiske halvøya. Tidlegare var dyrking av røykjelse viktig i Thumrait, men dette er det mindre av no. Hovudnæringa til innbyggjarane er dyrking av frukt, grønsaker og dyrefôr.

Det omanske luftforsvaret har ein stasjon i Thumrait. Opphavleg var det eit oljedepot for luftfarten i regionen. Stasjonen vart nytta av amerikanarar, britar og allierte under Golfkrigen og den globale krigen mot terror i Afghanistan.

Klima

Thumrait har eit heitt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med særs heite somrar og varme vintrar. Her kjem lite nedbør, men det kan kome noko regn frå februar til april, i tillegg til i juni og august under monsunen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thumrait» frå , den 5. juni 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i Dhofar guvernement