Al Marjan Island er ei gruppe på fire korallforma øyar i ei menneskeskapt øygruppe i Ras Al Khaimah i Dei sameinte arabiske emirata i Persiabukta. Ho vert administrert av Al Marjan Island Company. Det ligg fleire feriestader, strender og andre turistmål på dei fire øyane, som er eit av dei fremste turistmåla i Emirata. Området hadde over hundre tusen vitjande i 2014.
Bygginga av øyane starta i 2013 med ein femårsplan. Øyane husar i dag 45 % av alle 5-stjerners hotellromma i Emirata gjennom Rixos Bab Al Bahr, Hilton og Al Marjan Island Hotel & Spa.
Geografi Øygruppa består av Breeze Island, Treasure Island, Dream Island og View Island. Dei strekkjer seg 4,5 km ut i havet og dekkjer eit område på 2,7 km². Breeze Island består av fleire hotell og ein 2000 meter lang promenade langs sjøen. Treasure Island er eit hovudsakleg bustadområde. Dream Island er eit stort strandområde med fleire hotell og klubbar langs breidda. View Island ligg sentralt i øygruppa med bustadområde og underhaldning.
Galleri
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Al Marjan Island» frå , den 5. juni 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Øyar i Dei sameinte arabiske emirata Kategori:Kunstige øyar Kategori:Turistmål i Dei sameinte arabiske emirata