Karl Wilhelm Wefring () var ein norsk lege og politikar, fødd i Øvre Eiker. Han var på 1920-talet statsråd i fleire regjeringar og formann 1924-25 i Frisinna Venstre. Far hans var prest i Den norske kyrkja.
Liv og gjerning Wefring tok examen artium ved Trondhjems katedralskole som 16-åring i 1884, og avla medisinsk embetseksamen i 1892. Han var lege ved Trondheim sjukehus i 1893, kommunelege i Løten 1893–1907, direktør ved Sanderud psykiatriske sjukehus 1907–17, «Overlege for statens sinnssykevesen» 1919–27, konstituert sjef for Medisinaldirektoratet, forløparen for Helsedirektoratet 1927–30 og direktør ved Rikshospitalet 1930–37.
Wefring var ordførar i Løten 1899–1901 og medlem av Stange heradsstyre og formannskap 1901–03 og 1907–13. Han var også forlikskommissær i Løten 1901–07, og sekretær i jarnbanekommisjonen i Hedmark 1907–19. Perioden 1914-16 var Wefring president i Den norske lægeforening. Han var formann i Idrettskommisjonen av 1918, og styremedlem i Nasjonalforeningen mot tuberkulosen.
Valperioden 1916-18 var Wefring partiuavhengig stortingsrepresentant frå einmannskrinsen Søndre Hedemarken, men representerte Frisinnede Venstre frå Oslo då han valbolken 1925–27 på ny var å finne på Stortinget. Begge periodane var han medlem i Militærkomitéen, og var elles odelstingspresident 1925–26 og nestformann i Stortingets universitets- og fagskulekomité 1926–27. Wefring var forsvarsminister i Otto B. Halvorsens første regjering 1920–21 og Otto B. Halvorsens andre regjering i 1923, deretter i regjeringa Berge 1923–24 og Ivar Lykke si regjering i 1926. I juli 1926 søkte Wefring avskjed, då det same året vart reist riksrettsak mot dei sju medlemene i Berge-regjeringa, inkludert Wefring. Dei tiltalte vart frifunne i mars 1927.
Wefring vart i 1921 utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs orden «for statsborgerlig og embetsfortjeneste». Han var også kommandør av fyrste klasse av Dannebrogordenen, storkors av Italias kroneorden og kommandør av 1. klasse av Nordstjerneordenen.
Kjelder
Kategori:Norske forsvarsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Halvorsen I Kategori:Statsrådar i Regjeringa Halvorsen II Kategori:Statsrådar i Regjeringa Berge Kategori:Statsrådar i Regjeringa Lykke Kategori:Frisinnede Venstre-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1916-1918 Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar for Oslo Kategori:Ordførarar i Løten Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Norske embets- og tenestefolk Kategori:Norske idrettsleiarar Kategori:Norske legar Kategori:Folk frå Øvre Eiker