Abd al Kuri (arabisk skrift عبد الكوري) er ei steinete øy kring 105 km sørvest for Socotra i Indiahavet. Ho er ein del av Socotraøyane i Hadhramaut guvernement i Jemen, men ligg geografisk nærmare Somalia.«ʿAbd al-Kūrī.» Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online. Encyclopædia Britannica, 2011. Web. 6. oktober 2011. Øya består av granitt og dioritt dekt av kalkstein.Schürmann (1974) s. 24.

Mykje av Abd al Kuri er halvørken med lite vegetasjon. To åsrekkjer strekkjer seg langs heile øya.Nautical magazine (1878) s. 809. Nordkysten består for det meste av ei sandstrand med nokre få klipper, medan sørkysten består av bratte klipper.National Geospatial-Intelligence Agency (2007) s. 180. Det høgaste punktet, Ṣāliḥ, har ei høgd på over 700 meter over havet. Dei fleste innbyggjarane lever av fiske. Den største landsbyen på øya er Kilmia.http://wikimapia.org/6364535/Abd-al-Kuri-Island

Abd al Kuri har fleire endemiske planter og ein endemisk fugl, Abd al-Kuri-sporven, som ein trur det finst færre enn tusen av.Redman; Fanshawe; Stevenson (2009) s. 412.

Galleri

mini|600px|none|Topografisk kart over Socotraøyane. Abd al-Kuri er nede til venstre.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Abd al Kuri» frå , den 28. mai 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Øyar i Jemen Kategori:Sokotra