Johan Østby () var ein norsk journalist, forfattar og politikar frå Trysil. Han var 1965-77 stortingsrepresentant frå Hedmark, vald for Senterpartiet.

Østby, som var son til ein skogvaktar, var skogsarbeidar frå 1948. Skuleåret 1948/49 gjekk han Nansenskolen på Lillehammer, og han fekk i 1949 journaliststilling i avisa Østlendingen på Elverum.

Han var fylkessekretær i Senterpartiet 1964-65. Ved stortingsvalet husten 1965 fekk han fast plass på Stortinget, og vart attvald i 1969 og 1973. I den fyrste fireårsperioden var han medlem i Justiskomiteen, deretter medlem 1969-72 i Sosialkomiteen. Sesjonen 1972/73 hadde han plass i Utanriks- og konstitusjonskmiteen, medan han i sine siste fire år som tingmann var medlem i Finanskomiteen.

Østby var 1970-77 landsstyremedlem i Senterpartiet. I 1970 gav han ut femtiårssoga til Hedmark Senterparti, og i 1985 to bøker om historia til høvesvis branntrygdelaget og elektrisitetsverket i Elverum.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Folk frå Trysil