DNV er eit norsk-tysk klassifiseringsselskap som vart skipa 12. september 2013 ved at Det Norske Veritas (DNV) og Germanischer Lloyd i Hamburg (GL) slo seg saman.Pressemelding frå desember 2013 Aksjeselskapet DNV Group AS, som har hovudkontor på Høvik i Bærum kommune, er eigd av den norske stiftinga Stiftelsen Det Norske Veritas med 63,5 prosent og det tyske investeringsselskapet Mayfair Vermögensverwaltung SE med 36,5 prosent.

DNV driv med skipsklassifisering, sertifisering, rådgjeving, inspeksjon, testing og forsking. Selskapet er det største skipsklassifikasjonsselskapet i verda, målt i marknadsdelar og i talet på tilsette, og har verksemd i hundre ulike land. Men har selskapet òg ein stor verksemd som gjeld sertifisering, testing, rådgiving og forsking retta mot anna enn den maritime sektoren, og har òg kontorlloppgåver på vegner av offentlege styresmakter.

Kjelder Fotnotar

snl.no: Det Norske Veritas

Bakgrunnsstoff DNV GL Group AS

Kategori:Norske serviceverksemder Kategori:Norske føretak Kategori:Tyske føretak Kategori:Skipingar i 2013 Kategori:Klassifikasjonsselskap