Knut Severin Jakobsson Vik () var ein norsk politikar frå dåverande Bruvik herad som representerte Arbeidarpartiet på Stortinget.
Vik var son til ein småbrukar og vegsoppsynsmann. Sjølv arbeidde han i ulike tenester fram til 1925, då han fekk seg arbeid på kalksteinsbrotet Skaftun i heimekommunen. Frå 1942 til 1951 var han arbeidsformann i den same gruva.
Vik var medlem i Bruvik heradsstyre frå 1931 til -40. Etter 2. verdskrigen var over vart han vald til ordførar, eit ombod han hadde til 1957. Både i 1952- og 1953-sesjonen møtte han på Stortinget, fram til 18. juli 1953 som vararepresentant for statsråd Jakob Pettersen, etter den dag som fast representant då Ole Rong døydde. Valperiodane 1954-57 og 1958-61 hadde Vik fast plass på Tinget. I alle år som stortingsrepresentant var ham medlem i Protokollkomiteen, åra 1954-61 var han sekretær i komiteen.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Folk frå Osterøy