Slovakia debuterte i Eurovision Song Contest i 1994 og deltok sju gongar inntil landet trakk seg frå tevlinga i 2012 på ubestemt tid. Slovakia vart nr. 18 i 1996, noko som framleis er den beste plasseringa til Slovakia i Eurovision Song Contest. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Slovakia aldri kvalifisert seg til finalen, og Slovakia har ikkje delteke i Eurovision Song Contest sidan 2012.
Historikk Det var den slovakiske allmennkringkastaren RTVS, tidlegare STV, som valde dei slovakiske bidraga til Eurovision Song Contest. Slovakia melde seg på tevlinga i 1993, saman med seks andre land frå den tidlegare austblokka. For å halde deltakartallet nede, kravde Den europeiske kringkastingsunionen at dei sju nye landa måtte gjennom ei eiga førehandskvalifisering, kalla Kvalifikacija za Millstreet (Kvalifisering til Millstreet). Dei tre beste landa i kvalifiseringa ville få ein plass i Eurovision Song Contest. Slovakia stilte med låten «Amnestia na neveru», fremført av bandet Elán. Slovakia vart nummer fire i tevlinga og fekk dimed ikkje deltake i finalen i 1993. Slovakia var berre eitt poeng unna å kvalifisere seg.
Debuten I 1994 fekk Slovakia sin debut i Eurovision Song Contest, saman med ei rekkje nye deltakarland som Russland, Romania og Estland. Bidraget som fekk æra av å representere Slovakia i deira debut, var gruppa Tublatanka og songen «Nekonečná pieseň». I debuten vart Slovakia nummer 19 av 25, og den lave plasseringa gjorde at Slovakia måtte stå over tevlinga året etter. I 1996 var Slovakia tilbake og fekk sin til nå beste plassering, 18 av 23. Det var derimot ikkje nok til å kvalifisere seg til finalen i 1997.
I 1998 var Slovakia atter ein gong tilbake i Eurovision Song Contest, men Katarína Hasprová og songen «Modlitba» vart berre nummer 21 med åtte poeng – alle frå Kroatia. Dimed måtte Slovakia stå over tevlinga igjen i 1999. Den lite suksessfulle starten gjorde at STV heldt seg borte frå Eurovision Song Contest i elleve år.
Returen I 2009 kom Slovakia tilbake igjen i Eurovision Song Contest, og for fyrste gong arrangerte STV ein nasjonal finale for å velje det slovakiske bidraget. Den nasjonale finalen vart kalla Eurosing, og finalen vart arrangert i Bratislava 8. mars. Kamil Mikulčík og Nela Pocisková vann med sangen «Leť tmou». Returen vart derimot lite suksessfull; bidraget kom nest sist i sin semifinale, og dimed kvalifiserte ikkje Slovakia seg til finalen i Eurovision Song Contest 2009.
Året etter vann Kristína Peláková Eurosong med songen «Horehronie». Trass i at songen var ein av favorittane før Eurovision Song Contest, havna Slovakia igjen på nest sisteplass i sin semifinale. I 2011 var STV omorganisert til RTVS, som sende tvillingsystrene TWiiNS til Düsseldorf. Der vart Slovakia nummer 13 av 19. Året etter gjekk det enda dårlegare; då havna Slovakia heilt sist i sin semifinale.
Nytt fråvær Dei dårlege plasseringane, kombinert med den tronge økonomiske situasjonen hos den slovakiske kringkastaren, gjorde at RTVS trekte seg frå Eurovision Song Contest i 2013. Slovakia har ikkje delteke i Eurovision Song Contest. RTVS har sjølv sagt at det er trong økonomi som gjer at Slovakia ikkje deltar, ikkje resultata til Slovakia i tevlinga.
Bidraga År Artist Song Språk Finalen Semifinalen Poeng Plass Poeng Plass 1993 Elán «Amnestia na neveru» Slovakisk colspan=2 50 4 1994 Tublatanka «Nekonečná pieseň» Slovakisk 15 19 1996 Marcel Palonder «Kým nás máš» Slovakisk 19 18 36 17 1998 Katarína Hasprová «Modlitba» Slovakisk 8 21 2009 Kamil Mikulčík og Nela Pocisková «Leť tmou» Slovakisk colspan=2 rowspan=4 8 18 2010 Kristína «Horehronie» Slovakisk 24 16 2011 TWiiNS «I'm Still Alive» Engelsk 48 13 2012 Max Jason Mai «Don't Close Your Eyes» Engelsk 22 18
Røystgjeving Finalane
+ Slovakia har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 34 02 30 03 27 04 26 05 25
+ Slovakia har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 20 02 8 03 7 04 5 05 2
Semifinalane
+ Slovakia har gjeve flest poeng til # Land Poeng 01 23 02 19 03 18 04 17 05 14
+ Slovakia har fått flest poeng frå # Land Poeng 01 14 02 11 03 9 04 7
Referansar
Kjelder
Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen «Slovakia i Eurovision Song Contest» frå , den 26. september 2020.
Kategori:Land i Eurovision Song Contest Kategori:Eurovision Song Contest Kategori:Slovakisk musikk