Sporveishistorisk forening (SHF), som opphavleg heitte Trondhjems Sporveishistoriske Forening (TSHF), er ein medlemsforeining i Trondheim som tek sikte på å take vare på gamalt sporvegsmateriell frå Trondheim. Foreininga driv Sporveismuseet på Munkvoll, som til å byrje med hadde tilhald i Gråkallbanens bygning på Munkvoll, kalla Gamlehallen, reist til opninga av Gråkallbanen i 1924, og deretter i eit nedlagd lagerbygg frå 1984 på sida av Gamlehallen. Museet vart etablert i 1994 og opna i 1995, og har deretter vore halde ope om sommaren.

Sporveishistorisk Forening vart skipa i 1979 på bakgrunn av at Lokaltrafikkhistorisk forening i Oslo hadde fått overtake tre av dei klassiske toaksla trikkane som hadde gått i Trondheim, og som det var ynske om å føre attende til Trondheim. Årsaka til at Lokaltrafikkhistorisk Forening initiativ til dette, var at gamle trondheims-trikkar vart hogne opp både i 1974 og -76, og det difor vart stendig færre trikkar att av museal interesse. Difor vart det semje om at dei tre vognene burde verte tekne vare på i Trondheim ved å skipe ei ny foreining som skulle ta seg av gamalt sporvegsmateriell frå både Trondheim Sporvei og A/S Graakalbanen, og på sikt få etablert eit museum.

Det største arrangementet til foreininga gjekk føre seg dagen etter nedlegginga av trikken i Trondheim 13. juni 1988, da tidenes største sporvegskavalkade vart køyrd gjennom byen med i alt 14 vogner. Samstundes var heile den museale vognparken overført frå foreininga sitt gamle hovudkvarter, Voldsminde vognhall, til Munkvoll.

Kjelder Internettsidene til Sporveishistorisk forening Om museet og foreininga på GråkallBanens internettider

Kategori:Norske organisasjonar Kategori:Skipingar i 1979 Kategori:Trondheim Kategori:Norsk samferdselshistorie