mini|Planter som utfører fotosyntese. Fotosyntese er ein biokjemisk prosess der planter, algar og nokre bakteriar utnyttar energien i sollyset til å produsere glukose av vatn og karbondioksid. Fotosyntesen er den viktigaste kjemiske reaksjonen på kloden. Utan fotosyntesen kunne det ikkje ha vore liv på jorda slik vi kjenner det i dag. Ordet fotosyntese tyder 'å setje saman ved hjelp av lys'. Det er som regel sollyset som er drivkrafta i fotosyntesen, som føregår i kloroplastane i dei grøne blada.
Det finst mange variantar av fotosyntetiske prosessar som varierer mellom ulike artar. Likevel er det ein del element som går i gjen. Lys blir absorbert i klorofyllhaldige protein, fotosyntetiske reaksjonsentarar. Hjå plantar finn ein desse i kloroplasten, og hjå bakteriar finn ein dei i cellemembranen. Lysenergien blir brukt til å redusera vatn, og utnytta den frigjorte energien til å syntetisere ulike organiske samband slik som adenosintrifosfat (fotofosforylering) og glyseraldehyd 3-fosfat (calvinsyklus).
I fotosyntesen blir energien i lyset brukt til å gjere vatn og karbondioksid om til sukker og oksygen.
→
mini|400px|Kloroplast: (4) Stroma, (5) Thylakoid, (6) Thylakoidmembranen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Scheller, Henrik Vibe; Møller, Birger Lindberg: fotosyntese i Den Store Danske på lex.dk.
Kategori:Botanikk Kategori:Agronomi Kategori:Biologiske prosessar Kategori:Celleanding Kategori:Stoffskiftet Kategori:Fotosyntese Kategori:Plantefysiologi Kategori:Økosystem