Katrin Apel () er ein tysk skiskyttar. Ho er to gonger olympisk meister og fleire gonger verdsmeister på stafett med det tyske laget.

Apfel vart fødd i Erfurt i Thüringen i DDR. Ho gjekk på sportsskule (Kinder- und Jugendsportschule) i Oberhof. Frå 1989 til 1993 tok ho lærarutdanning i Schmalkaldehn. Deretter gjekk ho inn i idrettsgruppa i den tyske hæren, Bundeswehr. Ho bur med sambuaren Thomas Burmann i Gräfenroda nær Oberhof.

Apel starta idrettskarrieren sin som langrennsløpar. Etter at ho ikkje klarde å kvalifisera seg til OL på Lillehammer i 1994 gjekk ho over til skiskyting. Allereie i VM i 1996 i Ruhpolding vann ho gull med stafettlaget og i lagkonkurransen. Ho har seinare vore med på to VM-stafettgull til, og OL-gull i stafett i både 1998 og 2002. Individuelt har ho to VM-sølv, og ein OL-bronse. 2001/02-sesongen var Apel sin beste sesong så langt, då vann ho sine tre første verdscuprenn, og kom på 5. plass i verdscupen samanlagt.

Kortfatta merittliste (per 26. februar 2006) Verdscupen samanlagt: 5. plass (2001/02) Verdsmeisterskap: 4 gull, 5 sølv, 1 bronse (beste individuelt: 2 sølv, på sprint i 2000 og fellesstart i 2004) Olympiske leikar: 2 gull, 1 sølv, 1 bronse (beste individuelt: bronse, sprint 1998) Verdscuprenn: 4 gull, 5 sølv, 8 bronse

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tyske skiskyttarar Kategori:Verdsmeistrar i skiskyting Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1998 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 1998 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2002 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2002 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 2006 Kategori:Tyske deltakarar under vinter-OL 2006 Kategori:Skiskyttarar under vinter-OL 2006 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1996 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1997 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1998 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 1999 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2000 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2001 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2002 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2003 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2004 Kategori:Deltakarar under VM i skiskyting 2005