mini|Ut på tur, men: «Ver førebudd på uvêr og kulde, sjølv på korte turar. Ha alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev.» Fjellvettreglane er råd for ferdsel i fjellet som blir gjevne ut av Noregs Raude Kross og Den Norske Turistforening (DNT).
Råda vart laga og tekne i bruk etter ei rekke ulukker som skjedde påska 1950. DNT og Noregs Raude Kross gav etter dette ut brosjyren «Respekt for fjellet» og «De 9 fjellvettreglene» for å førebygge ulukker.Fjellvettregler for en ny tid DNT
I 2016 vart Fjellvettreglane oppgradert for fyrste gong sidan dei kom ut i 1950. Dei nye reglane er laga med eit meir tidsaktuelt språk og inkluderer mellom anna omsyn til fare for snøskred i fjella og utrygg is.Fjellvettreglene UT.no I 2015 kom Fjellvettreglane for fyrste gong ut med tekst på nynorsk.Fjellvettreglane på nynorsk UT.no
Fjellvettreglane (frå 2016) Planlegg turen og meld frå kvar du går. Tilpass turen etter evne og forhold. Ta omsyn til vêr- og skredvarsel. Ver førebudd på uvêr og kulde, også på korte turar. Ta med naudsynt utstyr for å kunna hjelpa deg sjølv og andre. Ta trygge vegval. Kjenn att skredfarleg terreng og usikker is. Bruk kart og kompass. Vit alltid kvar du er. Vend i tide, det er inga skam å snu. Spar på kreftene og søk ly om naudsynt.
Fjellvettreglane (frå 1950 til 2016) Legg ikkje ut på langtur utan trening. Meld frå kvar du går. Vis respekt for vêret og vêrmeldingane. Vær rusta mot uvêr og kulde, sjølv på korte turar. Ha alltid med ryggsekk og det utstyret fjellet krev. Lytt til erfarne fjellfolk. Bruk kart og kompass. Gå ikkje åleine. Vend i tide, det er inga skam å snu. Spar på kreftene og grav deg inn i snøen om naudsynt.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Fjellvett – DNT Fjellvettreglane på nynorsk Fjellvettreglane frå arkiva til NRK
Kategori:Friluftsliv i Noreg Kategori:Noregs Raude Kross Kategori:Den Norske Turistforening Kategori:Oppførselsreglar