Indusdelfin (Platanista gangetica minor) eller bhulan er ein elvedelfin som er endemisk for Induselva i Pakistan. Han er i nær slekt med gangesdelfin, og medan han av nokre biologar er blitt rekna som eigen art, er han sidan 1990-talet stadig oftar blitt rekna som ein underart av denne.

Dei to populasjonane av sørasiatiske elvedelfinar er fråskilde, men treng ikkje ha vore det så lenge. Fram til sein pliocen levde dei i det same elvesystemet, og tilmed i historisk tid kan det ha funne stad utveksling av individ mellom elvane.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Indus River dolphin ved wwf.panda.org Don E. Wilson & DeeAnn M. Reeder (Hrsg): Platanista minor i Mammal Species of the World. A Taxonomic and Geographic Reference (3. utg.).

Kategori:Delfinfamilien Kategori:Dyr i Pakistan Kategori:Indus