Richie Havens ()«Richie Havens, Folk and Woodstock Legend, Dead at 72» på Billboard.com. ) var ein amerikansk gitarist, songar og låtskrivar.Strong, Martin C. (2000): The Great Rock Discography (5. utg. Musikken hans bestod av element frå folkrock, soul, funk og rhythm and blues. Han er best kjent for sin intense og rytmiske gitarstil, ofte i open stemming, sjelfylte versjonar av eigne og kjende pop- og folkrocksanger. Han opna Woodstockfestivalen i 1969 med den akustiske gitarlåten «Motherless Child», der han improviserte det kjende refrenget «Freedom... Freedom!».

Liv og virke

Havens var fødd i Brooklyn som den eldste av ni. Han var av indiansk avstamming (Blackfoot) på farssida og stamma frå Britisk Vestindia på morssida. Som ung i Bedford-Stuyvesant byrja Havens laga utandørs doo-wop-grupper med venene sine og opptredde med McCrea Gospel Singers då han var 16.

Som tjueåring hadde Havens flytta frå Brooklyn til kunstnarområdet Greenwich Village. Han kom dit i beatniktida for å framføra poesi, laga portrett i eit par år og høyrde folkemusikk i klubbane. Etter ei tid byrja han spela gitar sjølv.

mini|Richie Havens i 1974. Havens sine soloframsyningar blei kjende, også utanfor folkemusikkrinsen i Greenwich Village. Han gav ut to plater på Douglas Records før han fekk Bob Dylan sin manager, Albert Grossman, som manager og fekk platekontrakt med Verve Folkways (seinare Verve Forecast). Verve gav ut Mixed Bag seint i 1966.https://theimmortaljukebox.com/2016/03/09/richie-havens-roots-freedom-bob-dylan-the-beatles/

I 1969 hadde Havens gjeve ut fem til album. To av desse var uautoriserte utgjveingar av Douglas Records (eller Douglas International): Electric Havens (1968) og Richie Havens Record (1969). Something Else Again (1968) blei Havens sitt første album på Billboard-lista, og gjorde at også Mixed Bag kom tilbake på salslistene.

Woodstock Opptredenen til Havens på Woodstockfestivalen i 1969 var eit vendepunkt i karrieren hans som konsertmusikar.Strong, Martin C. (2000): The Great Rock Discography (5. utg. Havens vart ropt tilbake til scena for fleire ekstranummer. Etter at han ikkje lenger hadde fleire nye songar å spela, byrja han å improvisera ein song basert på den gamle spiritualen «Motherless Child» som vart til «Freedom». Den påfølgjande filmen om Woodstockfestivalen bidrog til at Haven sin fekk ein internasjonal karriere. Han opptredde òg ved Isle of Wight-festivalen same år, seint i august.Tobler, John (1992): NME Rock 'N' Roll Years (1. utg.

Då Havens døydde etterlét han tre born, fem barneborn og to oldeborn.«Richie Havens, iconic Woodstock singer, dies at 72»

Diskografi

Studioalbum ÅrAlbumUS Top 2001967Mixed Bag 1821968Something Else Again 1841968Electric Havens 1921969Richie Havens' Record –1969Richard P. Havens, 1983 801970Stonehenge 1551971Alarm Clock 29The Great Blind Degree 1261973Portfolio 1821974Mixed Bag II 1861976The End of the Beginning 1571977Mirage –1980Connections –1983Common Ground –1987Simple Things 173Sings Beatles and Dylan –1991Now –1994Cuts to the Chase –2002Wishing Well –2004Grace of the Sun –2008Nobody Left to CrownStrong, Martin C. (2000): The Great Rock Discography (5. utg. –

Konsertalbum YearAlbumUS Top 2001972Richie Havens on Stage 551990Live at the Cellar Door –

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Richie Havens» frå , den 5. februar 2016.

Denne artikkelen bygger på «Richie Havens» frå , den 19. juni 2016.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Richie Havens på Internet Movie Database

Kategori:Afroamerikanske musikarar Kategori:USA-amerikanske folkemusikarar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:Folk frå New York City Kategori:USA-amerikanske songarar