Kari Svendsen (), ofte omtalt som «Banjo-Kari», er ein norsk artist, visesongar, gitarist og banjospelar.
Kari Svendsen starta den musikalske karrieren sin i 1966. Ho vart først kjent som medlem av gruppa Christiania Fusel & Blaagress, men opptredde frå 1970-talet som soloartist og etter kvart i fleire revyar. Ho er kjent for å halda dei norske revyvisene i hevd, særleg dei av det munnrappe slaga. Ho går Arvid Nilssens snøggleik ein høg gong i versjonen sin av «Bare døtt på!», Finn Bøe og Bias Bernhoft si vise om ein trikkekonduktør. Ho fekk Gammleng-prisen i klassa vise i 1994. Gammleng-prisen fekk ho på ny i 2021. Ho spelte rolla som ein jovial vaktmester i ungdomsserien Borgen skole på NRK TV.
Kari Svendsen var tidlegare gift med artisten Lillebjørn Nilsen. I 2011 vart ho tildelt St. Hallvard-medaljen for den eineståande posisjonen sin som visesongar i Oslo.
Diskografi
Soloalbum 1973: På stengrunn 1978: Kari Svendsen (album) (solo) 1982: Solskinn og sang 1991: Kari går til filmen singlar Grannie / Nightingale (1967), med The Young Norwegians S.O.S. Filipstad (1993)
Gatesangerne Gatesangerne (1994) Oslo-viser (2000)
Christiania Fusel & Blaagress Mamma vi'kke ha/Det kjem nok betre tider (1968)
Andre deltakingar The Young Norwegians: Things On Our Mind (1967) Øystein Sunde: 1001 fnatt (1970) Lillebjørn Nilsen: Tilbake (1971) Convivium: Convivium (1971) Diverse: Viser i trengsel (1972) Knutsen & Ludvigsen: Brunost no igjæn? (1972) Diverse: Norsk på topp 3 (1974) Lillebjørn Nilsen: ...og Fia hadde sko (1974) Lillebjørn Nilsen: Byen med det store hjertet (1976) Lillebjørn Nilsen: Hei fara! Norske folkeviser (1976) Vandrerne: Vandrerne (1979) Diverse: Kvinnekulturfestivalen '79. Kalvøyakonserten (1979) Trygve Hoff: Fokti (1980) Aage Samuelsen: Hva kan vel jeg for det? (1982) Brødrene Dal: Spektralplate (1982) Lillian Askeland & Ottar Johansen: Rett fra hjertet (1982) 3 Busserulls: Oljefeber (1983) Diverse: Viser i vinden (1984) Steinar Ofsdal: Hat Trick (1984) Diverse: Viser i vinden: Nordens beste artister (1987) Gustav Lorentzen: 1. klasse (1992) Trygve Hoff: Lån mæ no'n tima (1993) Lillebjørn Nilsen: Haba Haba (1995) Dusty Cowshit: Østenfor Soon, Western for Råde (1996) Diverse: Knut Gribb – En vals med "Den grønne redsel" – og 2 andre hørespill (2003) Diverse: En annen dans (2004) Diverse: Norsk visesang i 50 år (2008) Åge Aleksandersen og Mikael Wiehe: To Stemmer – 14 Akustiske Sanger & Konsertfilm (2008) John Ivar Bye: Intakt (2009) Diverse: Norske ballader (2010) Revolver: Milevis (2013)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kari Svendsen» frå , den 5. februar 2016. Artikkelen oppgav desse kjeldene: «Svendsen, Kari» i Norsk pop- og rockleksikon, 2005.
Kategori:Banjospelarar Kategori:Norske skodespelarar Kategori:Norske visesongarar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:St. Hallvard-medaljen Kategori:Vinnarar av Gammleng-prisen