«Traces» er ein song av Stine Hole Ulla som vart gjeven ut 2. februar 2016. Songen er skriven av Stine Hole Ulla, Trude Kristin Klæbo og Ingrid Skretting.
«Traces» vart presentert som eit av bidraga i Melodi Grand Prix 2016, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm i Sverige, på ein pressekonferanse hjå Norsk rikskringkasting 19. januar 2016. På pressekonferansen vart det òg kjend at Stine Hole Ulla ville framføre songen, på engelsk. Samstundes vart 15 sekundar av songen offentleggjort på NRK.no. 2. februar 2016 vart songen gjeven ut i full lengd.
Fotnotar
Kategori:Melodi Grand Prix 2016-songar Kategori:Engelskspråklege Melodi Grand Prix-songar