Mehri eller mahri er eit semittisk språk som blir snakka av minoritetar aust i Jemen og vest i Oman, og er ein rest av ei gammal innfødd språkgruppe som vart talt sør på Den arabiske halvøya før arabisk spreidde seg med islam på 600-talet. Mehri vert i dag òg talt i Qatar, Somalia, Dei sameinte arabiske emirata og i Kuwait av gjestearbeidarar som opphavleg kjem frå desse områda. Brukarane av mehri er stammen mahra.

På grunn av at arabisk dominerer i dette området, og dessutan at dei fleste mehri-talarar òg snakkar arabisk flytande, står mehri i fare for å bli utrydda. Det er primært eit talespråk med lite litteratur, og det er nesten ingen lesa- og skriveferdigheit i språket blant talarane.

Lingvistisk sett vert språket klassifisert som eit sørarabisk språk (ikkje relatert til språket arabisk, men til halvøya) innan den sørsemittiske gruppa (som òg inneheld bl.a. amharisk i Etiopia) som òg er del av dei semittiske språka, som er del av den afroasiatiske språkfamilien. Mehri har 70 643 brukarar i Jemen, 50 763 i Oman og 14 358 i Kuwait.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mehri» frå , den 31. desember 2015.

Kategori:Semittiske språk Kategori:Språk i Jemen Kategori:Språk i Kuwait Kategori:Språk i Oman Kategori:Einskildspråk Kategori:Språk i Qatar Kategori:Språk i Somalia Kategori:Språk i Dei sameinte arabiske emirata