Barí (òg kalla motilón) er eit chibchansk språk som blir snakka av om lag 2500 barífolk i den tropiske regnskogen rundt Serranía del Perijá i grenseområda mellom Colombia og Venezuela. Rundt 1500 av talarane held til i Venezuela, og dei om lag 1000 andre i Colombia. Om lag 150 personar er einspråklege i barí. Sidan mange barítalarar lever svært isolert, er ikkje språket nett no truga av utrydding. Barí er eit av dei minst studerte av dei chibchanske språka. Det tilhøyrer den magdalenske undergruppa av den chibchanske språkfamilien, og dei nærast beslekta språka er tunebo og dei utdøydde muisca og duit.
Barí har ti vokalfonem, av dei er fem orale og fem er nasale. Det har eit asymmetrisk konsonantsystem, med i alt 11 fonem. Språket er tonalt og skil mellom to tonar, høg og låg.
Verba blir samsvarsbøygde med subjekt, direkte objekt og indirekte objekt, og blir òg bøygde etter tempus og eventuell negasjon. Språket skil morfologisk mellom preteritum, presens og futurum. Dei øvrige ordklassene har ein mykje enklare morfologi. Den grunnleggjande ordstillinga er subjekt–objekt–verbal, og språket har blant anna postposisjonar.
Etymologi Namnet på språket kjem av ordet bari, som tyder 'folk'. Folkegruppa omtalar seg sjølv som bariyi, der -yi markerer fleirtal.Rincón og Quesada (2002), s. 8.
Dei har tradisjonelt vorte kalla motilones, men dette vert i dag sett på som ei nedsettande nemning. Det spanske ordet motilón refererer til ein person som har lite eller ikkje noko hår, og vart brukt om bariane fordi dei barberer av seg håret på den nedre delen av hovudet. Språket er difor kjent som motilón i eldre litteratur.
Klassifisering Barí tilhøyrer den chibchanske språkfamilien. Dei chibchanske språka har av fleire lingvistar vorte knytte til andre språk og familiar, men det finst enno ingen klåre bevis for dette. Den chibchanske språkfamilien er delt inn av Adolfo Constenla Umaña i ei nordleg og ei sørleg grein, der barí, i likskap med alle dei andre språka bortsett frå eitt, tilhøyrer den sørlege. Vidare er barí plassert i den magdalenske gruppa, der det utgjer den sørlege undergruppa saman med tunebo og dei utdøydde muisca og duit.Constenla Umaña (2008), s. 127–128. Chibchanske språk Sørleg Magdalensk Sørmagdalensk Barí
Utbreiing mini|Serranía del Perijá, der barífolk held til. Baríeine held til i den tropiske regnskogen på begge sider av fjellkjeda Serranía del Perijá, som utgjer grensa mellom Colombia og Venezuela. Dette omfattar deler av den venezuelanske delstaten Zulia og dei colombianske departementa Cesar og Norte de Santander. Sentrum for berreí-kulturen er landsbyen Boksí i den venezuelanske kommunen Jesús María Semprún, etterfølgt av landsbyen Saimadoyi. Desse områda er svært isolerte. Ein kan berre nå Boksí med ein åtte timar lang båttur langs grenseelva Catatumbo, som vert kontrollert av den venezuelanske hæren, colombianske geriljaer og paramilitære grupper. Tradisjonelt bur barífolk i store hus som vert delte av fleire kjernefamiliar, i nærleiken av elver og andre vasskjelder i regnskogen. Einskilde baríar har likevel flytta til større byar, hovudsakleg Maracaibo.
Ifølgje Rincón og Quesada (2002) har språket om lag 2500 talarar, av dei held rundt 1500 til i Venezuela og 1000 i Colombia. Ethnologue oppgjev til saman 5390 talarar, UNESCO 5000 og World Oral Literature Project 1700 talarar..Barí hos MultiTree. Til trass for utbreidd assimilering er ikkje språket umiddelbart truga. Det finst framleis om lag 150 einspråklege barí-talarar, dei fleste er eldre.Rincón og Quesada (2002), s. 13. Borna lærer barí som førstespråk, og språket er enno eit viktig identitetssymbol. Baríar på mellom 20 og 40 år brukar stadig meir spansk, som dei lærer både på skulen og på fjernsyn og radio. Dei held seg likevel som regel til barí når det berre er indianarar til stades, og dei eldre insisterer på at dei yngre skal snakka barí.
Det er uklårt kor store dei dialektale variasjonane i barí er, særleg fordi forskarane har jobba nesten utelukkande med venezuelanske informantar. Desse seier at baríeine i Colombia «snakkar nesten som oss, men dei syng meir», noko som kan tyda at dialektskilnadene hovudsakleg går på ulik intonasjon, og kanskje òg einskilde fonetiske skilnader.Rincón og Quesada (2002), s. 13–14.
I Venezuela har barí status som offisielt språk saman med spansk og 38 andre indianske språk.Asamblea Nacional de la República Bolivariana de Venezuela. Den venezuelanske Loven om indianske språk seier at det må nyttast indianske språk i undervising, på arbeidsplassar, i institusjonar og i media i dei tradisjonelle indianske områda og i område som er folkesett av indianarar. Det nasjonale instituttet for indianske språk er ansvarleg for å handheva loven. I Colombia er, i samsvar med Grunnlova av 1991, det offisielle språket i landet spansk, medan dei indianske språka er offisielle saman med spansk i dei respektive regionane sine.Gröll, Rodríguez og Murcia (2009), s. 86–87. Baríane har dermed rett til undervising på barí i område sine både i Venezuela og Colombia.
Forsking Barí er eit av dei minste studerte språka i den chibchanske familien, noko som hovudsakleg kjem av at det talast i ein såpass isolert region i utkanten av det chibchanske språkområdet. Kippe publiserte ei ordliste for språket i 1965, medan lydsystemet har vorte skildra av Vivas og Obregón (1989) og Mogollón (2000). González og Rodríguez (2000) og Rincón og Quesada (2002) gjev grunnleggjande oversyn over fonologien, morfologien og syntaksen til språket Einskilde sider ved språket vert òg skildra i verk som tek for seg den chibchanske språkfamilien, slik som Quesada (2008). I motsetnad til dei andre chibchanske språka er det nesten ikkje publisert nokre døme på munnleg litteratur på barí.Constenla Umaña, Adolfo (1996). Det er heller ikkje utvikla noko offisielt skriftsystem for språket. Skriftsystemet som vert nytta i denne artikkelen er basert på det internasjonale fonetiske alfabetet (med unntak av <ñ> for , og <y> for ), og er det same som vert i bruk teke av Rincón og Quesada (2002).
Fonologi Dei to einaste kjeldene som finst for lydsystemet i barí er Vivas og Obregón (1987) og Mogollón (2000), og desse stemmer ikkje heilt overeins. Rincón og Quesada (2002) har vald å støtta seg til Mogollón (2000), sidan det er den nyaste kjelda, men påpekar at det må ytterlegare forsking til for å stadfesta resultata.Rincón og Quesada (2002), s. 25. Resultata til Mogollón (2000) er òg dei som vert presenterte i denne artikkelen.
Vokalar Barí har følgjande vokalfonem:Mogollón (2000). Orale vokalarNasale vokalar Fremre Midtre Bakre Fremre Midtre Bakre Tronge Sentrale Opne
Det kan finnast sekvensar av to like vokalar. Dei opne vokalane , og // blir uttalte som sentrale når dei finst før halvvokalen //, og som bakre når dei kjem i kontakt med /k/.Rincón og Quesada (2002), s. 14.
Konsonantar Konsonantsystemet til barí synest å vera asymmetrisk. Ifølgje Mogollón (2000) har språket følgjande konsonantfonem:Mogollón (2000).
Bilabial Dental/alveolar Postalveolar Velar Glottal Plosivar Frikativar Nasalar Vibrantar Approksimantar
Konsonantane har ei rekkje allofonar. Til dømes vert den palatale nasalen, //, realisert som frikativ [ʒ] i byrjinga av ord og før tronge vokalar. ei alveolare konsonantane vert uttalt som affrikatar (til dømes /d/ som ) i dei same omgivnadene.Rincón og Quesada (2002), s. 15.
Tonar Barí er eit av berre tre magdalenske språk som er tonale, noko som vil seia at ord som elles består av dei same fonema, kan ha ulik tyding avhengig av kva for tonar stavingane vert uttalt med. Barí skil mellom to tonar: høg og låg.
Morfosyntaks
Substantiv
Tal og bestemtheit I likskap med mange andre chibchanske språk, kan substantiva i barí delast inn i to grammatiske klasser: menneskelege og ikkje-menneskelege. Berre dei som viser til menneske vert markerte for fleirtal; dette vert gjort med endinga -yi ([-dʒi]). Dei ikkje-menneskelege substantiva har same form anten dei er i eintal eller fleirtal, bortsett frå når dei vert personifiserte, noko som er svært vanleg i baríane sine tradisjonelle forteljingar.Rincón og Quesada (2002), s. 16.
Menneskeleg substantiv i eintal: Menneskeleg substantiv i fleirtal: Ikkje-menneskeleg substantiv: ataydamann«mann» atayda-yimann-FLERTALL«menn» rurabahund«hund/hunder»
Når mengda vert spesifisert med ein kvantifikator, slik som eit talord, pleier heller ikkje dei menneskelege substantiva å markerast for fleirtal. Språket har likevel ingen eigne morfem for å markera bestemtheit, og bruk av fleirtalsmarkøren saman med ein kvantifikator gjer at substantivet vert forstått som avgjort:
Ubestemt: Bestemt: insami atayda arombéto mann sint«to sinte menn» insami atayda-yi arombéto mann-FLEIRTAL sint«dei to sinte mennene»
Til skilnad frå dei andre magdalenske språka vert ikkje nominalfrasene i barí markert for kasus.Quesada (2004), s. 128–129.
Avleiing Substantiv kan avleiast frå verb ved hjelp av suffikset -bãy, for å uttrykkja anten utføraren av verbhandlinga eller instrument:Rincón og Quesada (2002), s. 15–16. chueychuey «å synga» → chueychueybãy «songar» chidaseysey «å arbeida» → chidaseyseybãy «arbeider» bisyiyi «å sjå» → bisyiyibãy «fjernsyn» aanaynay «å høyra» → aanaynaybãy «radio» abaybay «å snakka» → abaybaybãy «telefon»
Pronomen Personlege pronomen
nay = eg bay = du
obãy = han/ho/han/det
chiyi = vi
biyi = dykk
obãyyi = dei (same)
orachyi = dei (ulikt) Pronomensystemet i barí består av pronomen for første, andre og tredje person eintal og fleirtal. Språket har to ulike pronomen for tredje person fleirtal: obãyyi vert nytta når referenten er den same som ved forrige tilvising til tredje person fleirtal, medan orachyi vert brukt når referenten ikkje er den same.Rincón og Quesada (2002), s. 17.
Alle spørrepronomena, med unntak av aydou, 'kva', finst alltid i byrjinga av setninga, og er dei følgjande: aydou, 'kva', anõananna 'korleis', ababãyñahã, 'når', abãhã, 'kor', aydou aba, 'kvifor', ababãy, 'kva for ein' og ããmãy, 'kven'.Rincón og Quesada (2002), s. 17–18.
Verb Verba er morfologisk sett dei mest komplekse orda i barí. Dei vert samsvarsbøygde med subjektet i person og tal, og òg med det direkte objektet og det indirekte objektet når verbet er transitivt. Subjektet vert uttrykt med eit suffiks som vert lagt til verbstammen, medan det direkte og det indirekte objektet vert uttrykt med prefiks. Språket har paradigme med morfem for kvar av dei tre grammatiske funksjonane (det følgjande paradigmet med subjektsuffiks gjeld berre for presens; det finst andre paradigme for preteritum og futurum):Rincón og Quesada (2002), s. 18.
Subjekt Direkte obj. Indirekte obj. 1. person eintal -ni la- li- 2. person eintal -mi ba- bi- 3. person eintal -sãy a- ~ Ø- i- 1. person fleirtal -chã chi- chi- 2. person fleirtal -mia bi- bi- 3. person fleirtal -drin ~ -sãy i- i-
Dette kan ein sjå i det følgjande dømet, der verbet blir bøygd i samsvar med subjektet («eg») ved hjelp av eit suffiks, og med det direkte («pengane») og indirekte objektet («han») ved hjelp av prefiks:Rincón og Quesada (2002), s. 22. Nay akatchi i-f-ra-r-õ eg pengar 3IO-3DO-gje-1SG-PRET «Eg gav han pengar.» Barí har eit tredelt tempussystem som skil mellom preteritum (fortid), presens (notid) og futurum (framtid), noko som vert markert med eit suffiks på verbstammen. Dette morfemet smeltar ofte saman med andre suffiks eller med sjølve verbstammen. I det følgjande dømet har preteritumsuffikset smelta saman med morfemet som markerer at subjektet er tredje person fleirtal, noko som gjev -drã: Obãyji yak-doi-drã dei RESIPROK-slå-3PL.PRET 'Dei slo kvarandre.' Verba tek òg eit suffiks som markerer negasjon, og i likskap med tempussuffikset smeltar dette ofte saman med andre morfem.
Verbstrukturen kan dermed skildrast med følgjande skjema (den innbyrdes rekkjefølgja til suffiksa kan variera):