Herero er eit bantuspråk (i nigerkongo-familien) som blir snakka av omkring  hereroar i Namibia og Botswana. Området herero blir snakka i blir kalla Hereroland; dette består av regionane Kunene, Omaheke og Otjozundjupa i Namibia og Ghanzi i Botswana. Det er òg ein del hererotalande i den namibiske hovudstaden Windhoek.

Språket har vore skriftspråk (skrive med det latinske alfabetet) sidan slutten av 1800-talet, då misjonæren Gottlieb Viehe (1839–1901) omsette Bibelen til herero. Presten Peter Heinrich Brincker (1836–1904) omsette òg fleire teologiske skrifter og songar til herero.

Det vert undervist i herero i namibiske skular, både som morsmål og andrespråk, og det skal òg inkluderast som fag ved Universitetet i Namibia. Herero er òg eitt av seks minoritetsspråk som vert brukt i den statlege namibiske radiokanalen Namibian Broadcasting Corporation.

Sjå òg Herero og Namaqua-folkemordet

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Herero» frå , den 20. november 2015.

Kategori:Bantuspråk Kategori:Språk i Botswana Kategori:Språk i Namibia Kategori:Einskildspråk