Ingerid Blanca Juell Dal () var ein norsk filosofiorientert språkforskar som er kjent for bidraga sine til germansk lingvistikk.Ingerid Dal – germanist med verdensry, kronikk i Aftenposten (21.11.1995)
Dal tok examen artium (1914) og studerte filologi ved Universitetet i Oslo. Etter den første verdskrigen studerte ho matematikk og lingvistikk ved Universitetet i Heidelberg, der ho tok ein doktorgrad med avhandlinga Lasks Kategorienlehre im Verhältnis zu Kants Philosophie om Immanuel Kant (1925). Den andre doktorgraden sin tok ho ved Universitetet i Oslo med dr.philos.-avhandlinga Ursprung und Verwendung der altnordischen Expletivpartikel of, um (1930). Dal overtok professoratet i germansk filologi etter Jakob Sverdrup same stad (1939–65).
Ho var spesielt interessert i Thomas Mann, Ernst Cassirer og Wilhelm von Humboldt, og skreiv blant anna ein grammatikk som vart mykje brukt i Noreg og Tyskland. Interessene hennar famna òg om engelsk, gotisk, nordisk, høgtysk, nedertysk og nederlandsk, og ho var ein forkjempar for riksmål. Legatet Professor Ingerid Dal og søster Ulrikke Greve Dals pris for humanistisk forskning (200 000 kroner i 2007) vert utdelt årleg.
Ingerid Dal var dotter av forfattaren Signe Greve (1867–1944) og lektor Adolf Martin Dal (1863–1948).Ottar Grønvik, Ingerid Dal i Norsk Biografisk Leksikon
Utmerkingar Oppteken i Det Norske Videnskaps-Akademi (1940) Nansenfondets pris for framifrå vitskapleg forsking (1955) Goethemedaljen i sølv (1960) og gull (1976) æresmedlem av Norsk forening for språkvitenskap
Utgjevingar Kurze deutsche Syntax auf historischer Grundlage (1942)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ingerid Dal» frå , den 20. november 2015.
Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Dal og om Dal hos Nasjonalbiblioteket
Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Norske professorar