«I Can't Tell You Why» er ein song av det amerikanske rockebandet Eagles frå 1979 på albumet The Long Run. Songen vart skriven av bandmedlemmane Timothy B. Schmit, Glenn Frey og Don Henley. Han vart spelt inn i mars 1978 og var den første songen som var ferdig for albumet og den første Eagles-songen med Schmit på solovokal. Studioversjonen vart ein Billboard Top 10-hit i april 1980, og nådde åttandeplasen på Hot 100 og tredjeplassen på Adult Contemporary-lista.
Background Timothy B. Schmit – som skildra «I Can't Tell You Why» som «laust basert på mine eigne erfaringar» – skreiv kjernen av «I Can't Tell You Why» som han så presenterte for Glenn Frey og Don Henley: Schmit – «Eg hadde nokre stunder saman med Don og Glenn og kasta ut idear som eg hadde og denne [for «I Can't Tell You Why»] vart verande. Eg hadde skrive ein god del av han, ikkje ein stor del, men nok til at dei tenkte 'den var bra' og gå vidare med han. Så Don, Glenn og eg skreiv ferdig songen dei neste kveldane.» «Då han byrja å utvikle seg i studio, visste eg at det vart ein flott song. Eg tenkte 'Yes! Dette er ein fantastisk debut for meg'. Då me miksa den endelege versjonen hadde med ein liten fest i studio. Då folk høyrte på songen snudde Don seg til meg og sa 'Der er den første hitten din'.
I 1980 marknadsførte bandet songen med ein musikkvideo med Schmit på bassgitar i lag med Frey på elektrisk piano, sjølv om Frey spelar gitarsoloane på songen. Henley spelar trommer, Don Felder elektrisk gitar, Joe Walsh på orgel og Walsh sin sidemann på konsertane, Joe Vitale spelte synthesizer. Det vart gjeve ut konsertopptak av songen i 1980 på albumet Eagles Live og i 1994 på Hell Freezes Over.
Schmit song òg «I Can't Tell You Why» på turné som medlem av Ringo Starr & His All-Starr Band i 1992. Denne versjonen vart gjeven ut i 1993 på konsertalbumet Ringo Starr and His All Starr Band Volume 2: Live from Montreux.
Innhald 7" singel (45-1965/AS 12.418/K 12418/E-46608)
7" promo (E-46608)
Andre versjonar I 1993 vart «I Can't Tell You Why» spelt av den amerikanske countryartisten Vince Gill for Eagles-hyllestalbumet Common Thread: The Songs of the Eagles. Versjonen hans gjekk til 51. plassen på Hot Country Songs. I 1995 covra R&B-gruppa Brownstone songen på debutalbumet From the Bottom Up. Versjonen deira nådde 54. plassen på Billboard Hot 100, 22. plassen på Hot R&B-lista og 27. plassen på UK Singels Chart. I 1990 spelte R&B-songaren Howard Hewett «I Can't Tell You Why» på hans Very Best of Howard Hewett. Denne nådde 24. plassen på Billboard Hot R&B/Hip-Hop Singles & Tracks
Medverkande Glenn Frey: elektrisk gitar (gitarsoloar), elektrisk piano, korvokal Don Felder: elektrisk gitar Don Henley: trommer, korvokal Timothy B. Schmit: bassgitar, solovokal Joe Walsh: organ Joe Vitale: strykar-synthesizer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «I Can't Tell You Why» frå , den 17. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Singlar frå 1995 Kategori:Eagles-songar Kategori:Vince Gill-songar Kategori:Brownstone-songar Kategori:Songar skrivne av Glenn Frey Kategori:Songar skrivne av Don Henley Kategori:Asylum Records-singlar Kategori:Songar produserte av Bill Szymczyk