mini|Kvige av vestlandsk fjordfe. Vestlandsk fjordfe er ein gammal norsk storferase frå Vestlandet, knytt til området frå Hordaland til Nordmøre.
Historie, kjenneteikn og utbreiing Vestlandsk fjordfe stammar frå storfeet ein tradisjonelt heldt på Vestlandet. Det blei anerkjent som rase på 1890-talet, og det blei ført stambok over rasen fram til 1920. På starten av 1900-talet prøvde ein å laga lokale underrasar av fjordfeet, der kvar region skulle ala på ein særskild farge og hornanlegg. Dette gjekk ein vekk frå ettersom populasjonane då blei for små. Rasen er i dag kjenneteikna av stor variasjon i farge, størrelse og hornanlegg. Storleiken er likevel ganske jamn, med dei fleste dyra på mellom 400 og 500 kg.
Vestlandsk raudkolle og vestlandsk fjordfe blei slått saman til éin rase i 1947, særleg på grunn av innalsproblem i fjordfeet. Då ein byrja arbeid med å bevara dei gamle storferasene på 1980-talet, gjekk ein tilbake til å skilja dei to typane som eigne rasar att. I 2006 var det registrert 600 vestlandske fjordfe i kuregisteret. Det finst ei bevaringsbesetning for fjordfeet ved Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland.
I regi av GENO, som formidler oksesæd til inseminering, blir det også formidla sæd av fjordfeet til interesserte bønder.
Så òg
Dølafe Sida trønder- og nordlandsfe Telemarksfe Austlandsk raudkolle Målselvfe Vestlandsk raudkolle Norsk raudt fe
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Vestlandsk fjordfe» frå , den 18. oktober 2015.
Bakgrunnsstoff http://fjordfe.no/ http://www.skogoglandskap.no/Artsbeskrivelser/vestlandsk_fjordfe http://geno.no Om rasen på NordGen
Kategori:Norske husdyr Kategori:Storferasar Kategori:Vestlandet Kategori:Norske kurasar