The Long Run er det sjette studioalbumet til det amerikanske rockebandet Eagles. Det kom ut i 1979 på Asylum. Det var det første Eagles-albumet utan den opphavlege medlemmen Randy Meisner, som vart erstatta av Timothy B. Schmit. Dette var det siste studioalbumet deira før Long Road Out of Eden i 2007. Det var òg det siste studioalbumet for Asylum Records.
Då det kom ut i september 1979 gjekk det rett inn på andreplassen på Billboard-lista i USA og nådde toppen av lista ei veke seinare, då dei skauv Led Zeppelin sitt In Through the Out Door ned frå toppen. Det var den siste førsteplassen deira i 1970-åra, og låg på toppen i åtte veker. The Long Run har seld meir enn sju millionar eksemplar i USA.
Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet som alle nådde topp 10 på singellista. Desse var «Heartache Tonight», som nådde toppen av lista, tittelsporet og balladen «I Can't Tell You Why». Singlane nådde høvesvis 1., 8. og 8. plassen på lista. Bandet vann òg Grammy-prisen for «Heartache Tonight». Med på albumet var òg «In the City», ein song som vart først vart spelt inn av gitaristen Joe Walsh for filmen The Warriors. «The Sad Cafe» (om bandet sine opplevingar ved The Troubadour i Los Angeles) og «Those Shoes» vart òg mykje spelt på radio.
Mottaking AllMusic skreiv om albumet at «oppfølgjaren til det ekstremt suksessrike og kritikarroste Hotel California var særs skuffande, sjølv om det selde fleire millionar eksemplar og gav dei tre hitsinglar» og la til «utruleg nok var visstnok The Long Run planlagt som eit dobbeltalbum, før det vart korta ned til ei plate. Om dette var dei beste songane, korleis høyrtes då resten ut?»http://www.allmusic.com/album/the-long-run-mw0000650104
Innhald
Medverkande Don Felder – vokal, gitarar, talkbox, orgel Glenn Frey – vokal, gitarar, synthesizer, klaverinstrument Don Henley – vokal, trommer, perkusjon Timothy B. Schmit – vokal, bassgitar Joe Walsh – vokal, elektrisk gitarar, slidegitar, talkbox, klaverinstrument
Andre medverkande Jimmy Buffett – korvokal på «The Greeks Don't Want No Freaks» The Monstertones – korvokal David Sanborn – altsaksofon på «The Sad Café» Bob Seger – korvokal «Heartache Tonight» (ikkje omtalt på plateomslaget)
Produksjon Produsent: Bill Szymczyk, the Eagles Lydteknikarar: Ed Mashal, Bill Szymczyk Assisterande lydteknikarar: David Crowther, Mark Curry, Bob Stringer, Bob Winder Mastering og remastering: Ted Jensen Kunstnarisk leiing: Kosh Design: Kosh Fotografi: Jim Shea
Lister Liste (1979–80)PlasseringAustralia (Kent Music Report)1Canada (RPM)1Frankrike (SNEP)2Italia 13Japan (Oricon) 1US Billboard 2001
Årslister Liste (1979)PlasseringAustralia 25Canada32Frankrike65Italia39Japan41Liste (1980)PlasseringAustralia30Canada6US Billboard Pop Album2
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Long Run (album)» frå , den 17. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Eagles-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Elektra Records-album Kategori:Asylum Records-album Kategori:Album produserte av Bill Szymczyk Kategori:Plateomslag av John Kosh