Wadi Rum (arabisk وادي رم) òg kalla Månedalen (arabisk وادي القمر) er ein dal som har skjert seg ut i sandstein og granitt sør i Jordan, 60 km aust for Akaba. Han er den største wadien i Jordan. Namnet Rum kjem truleg frå ei arameisk rot som tyder 'høg'.tours in Wadi Rum

Historie mini|venstre|Helleristingar i Wadi Rum Wadi Rum har vore busett av mange kulturar sidan førhistorisk tid, og mange av dei har etterlate seg spor i form av helleristingar og tempel, inkludert nabatearane.

I vesten er Wadi Rum mest kjend for tilknytinga til den britiske offiseren T.E. Lawrence, som kryssa området mange gonger under arabaropprøret i 1917–18. I 1980-åra vart ein av steinformasjonane i Wadi Rum kalla «Dei sju visdomssøylene» eller boka til Lawrence, som han skreiv etter boka, sjølv om 'Dei sju søylene' som vert omtalte i boka ikkje har noko med Rum å gjere.

Geografi Området er sentrert kring dalen Wadi Rum. Det høgaste punktet i Jordan er Um Dami på 1840 moh., og ligg 30 km sør for landsbyen Wadi Rum. På ein klår dag er det mogeleg å sjå Raudehavet og grensa til Saudi-Arabia frå toppen.

Jabal Rum (1734 moh.) er det nest høgaste punktet i Jordan og den høgaste toppen sentralt i Rum, og stig direkte opp frå Rumdalen ovanom Jebel um Ishrin, som er kring éin meter lågare.

Det finst mange helleristingar på veggane i Khaz'ali-kløfta som syner menneske og antiloper, datert attende til thamudisk tid. Landsbyen Wadi Rum har nokre hundre beduinske innbyggjarar med geitehårstelt og betonghus, ein skule for gutar, ein for jenter, nokre få butikkar og hovudkvarteret til Ørkenpatruljen.

Turisme Wadi Rum er heimstaden til Zalabia-beduinar, som arbeider med klatrarar og turgåarar, og har utvikla ein økoturisme i området, som no er hovudkjelda deira. Område er eit av dei viktigaste turistmåla i Jordan, med stadig fleire utlendingar, særleg fjellklatrarar og fjellturistar, men òg for kamel- eller hestesafari, eller folk som berre er på dagstur frå Akaba eller Petra.

Filmar Fleire filmar er spelte inn dette området:

Lawrence of Arabia - David Lean filma det meste av filmen sin frå 1962 i Wadi Rum. Red Planet - Wadi Rum vart nytta so overflata på Mars i denne filmen frå 2000. Passion in the Desert - 1998 The Face - BBC-film om fjellklatring i Rum. Transformers: Revenge of the Fallen - representert for å vere i Egypt The Frankincense Trail - scenar frå tog og frå lufta. Prometheus - scenar frå Alien-planeten Krrish 3 - songen 'Dil Tu Hi Bata'

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Wadi Rum» frå , den 3. oktober 2015. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Jordansk geografi Rum Kategori:Naturreservat i Jordan Kategori:Verdsarv i Jordan